Handballcup høyrer med til avslutning for sesongen, og i år som i fjor satsa dei eldste klassene på Fredrikstad cup i pinsa.

FC17

Turen starta 28. mai kl. 17.00 frå Sæbø. Vi var 28 personar som var med, pluss to foreldre som køyrde sjølve. Vi reiste i Sæbø bussen og bussen til Farkvammen barnehage.
Ettersom vi hadde med barn under 17 år fann vi ut at det vart dei som måtte ha barnehagebussen...

I Gudbrandsdalen tok vi kveld. Vi leigde 4 store hytter på Rustberg Camping.
Då vi kom fram var naturleg nok alle "ihjelsvoltne" og heldigvis hadde vi nok mat til alle!

FC24

Klokka er litt over midnatt og maten er komt på bordet.

 

 

FC18

Rebekka og Torill nyt frukosten mens reste av gjengen pakkar...

Neste etappe var Svinesund. Når vi likevel skulle nesten til Sverige kunne vi likegodt ta turen over grensa.
Mange av laga som deltok på cup spelte kampar fredag kveld, men sidan vi reiste så langt slapp vi det og vi hadde heile dagen fri!

 

 FC31

 Men før vi kryssa grensa måtte vi få ut litt overskudd...

fc19

og tilføre meir energi.. Matservering i friluft.

FC33

Glade jenter i Sverige! Malene, Marthe og Silje Anette jublar.

FC32

Allsang på grensen. Vi høyrde rykte om at der var TV opptak så vi måtte naturleg nok undersøke kva dette var..

 FC27

Innsjekking på skulen der vi skulle overnatte.
Etter at vi nesten fekk sjokk då vi kom fram og oppdaga at vi skulle overnatte i eit klasserom utan dør,  vart det lang venting før dei klarte å skaffe oss eit nytt rom.

FC28

Malene!

Etter mykje om og men fekk vi ei stor, flott kantine til disposisjon og det var berre og finne seg golvplass til madrassa og

 FC34

å leite fram maten att..

FC7

Og så var det kveld!

Neste dag var vi klare for kamp. J18 var flytta opp til J19, noko vi syns var dumt fordi vi då møtte lag som var større og sterkare enn oss. Men erfaringa med å møte lag på høgt nivå er god å ha med seg vidare til neste sesong.
J17 møtte lag som var omlag like gode men måtte tåle å vere i ei hard pulje.

 FC5

Synnøve er klar for kamp!!!

FC9        

Her hjelper vi kvarandre med det som trengs.. Marthe og Anette.

Karen

Karen!

Torill

Torill!

Elisabeth1

Elisabeth!

Innimellom kampane fekk vi tid til litt avkjøling. Der var veldig varmt så litt frisk sjøluft gjorde godt!

FC3

Trenarane kom med instuksjonar til eit lydhøyrt publikum!

FC2

Plutseleg høyrde vi eit plask.. Det var ein av trenarane som trengde litt avkjøling. Han påstod endatil at det var deileg...

FC5

Jentene fekk berre vasse..

Begge kampane laurdag enda med tap så for å trøyste oss sjølve bestilte vi pizza på Peppes...

 FC6

Mens vi ventar på maten. Malene, Tiril, Elisabeth, Anette, Silje Anette og Monica fremst.

FC6

Hanne, Kristina og Else Marie.

Søndagen var travel med 5 kampar i forskjellige hallar. Vi var til Sarpsborg og rundt omkring mellom fleire hallar og fekk erfare at i 19-års klassa vart vi eit hakk for små. Begge laga gikk til B-sluttspel. J19 til kvartfinae og J17 til semifinale.

Søndagskvelden køyrde vi til Hvaler og grilla i sjøkanten. Flott natur, fint ver og kjekke jenter, kva meir kan ein forlange?

 

FC9

Pølsefest i solnedgang.

FC14

 Skjærgårsdidyll!

 FC12

Else Marie vart 16 år og vart feira med grillmat i skjærgarden!

FC16

Flott kva? Måsane hadde restefest!

FC15

Solnedgang!

Mandag var det tid for finalespel. J19 starta friskt men måtte sjå seg slått av eit godt Sarpsborglag.

FC18

Klare for kvartfinale: f.v Elisabeth, Elisabeth, Rebekka, Nina, Liv Grete, Karoline og Tiril.

 FC17

Heile gjengen:
Bak f.v. Nina Hustad, Kathrine Brekke, Synnøve Eikås, Marthe Takseth, Elisabeth Skogen, Karen Ose Lid og Aina Opsal Bakke.
Rad to: Else marie Stokke, Malene aambakk, Tiril Marie Holen, Kristina Y. Hovdenakk, Silje Anette Sandnes, Anette Mork og Karoline Stokke.
Framme f.v.: Liv Grete Stokke, Elisabeth Melle, Monica Krøvel, Rebekka Stokke, Sara Konstanse Årseth, Hanne Stokke og Toill Haugen Øye.

J17 spelte berre bedre og bedre. Etter å a vunne semifinala var det berre å gå for siger sjølv om vi såg at det vart seint heim. Vi var trossalt på cup for å gjere det best muleg...

FC30

Glade J17 jenter etter siger i B-sluttspelet!
F.v. Silje Anette, Synnøve, Karen, Kathrine, Marthe, Hanne, Malene, Elisabeth, Monica, Rebekka, Tiril, Aina, Else Marie, Nina og Kristina!

Klokka var no 17.11 og det var på tide å tenke på heimtur...

Nesten 12 timar brukte vi på heimturen og før alle var på plass og i seng så det vart sein kveld, eller tidleg morgon..

FC8 

Martin var fotograf og altmulegmann! Her saman med Torill.

Vi har hatt ein flott tur med mange opplevingar og vi har nok ein gong fått erfare kor kjekk ungdom vi har!
Vi håpar at alle jentene sit att med same følelsen og vi nyttar høvet til å takke for ein flott sesong!

Vi takkar: Dagfinn Strand's bakeri, Bellingen, Tine Meierier, Rema 1000 Ørsta, Coop Mega, Ørsta, Euro Spar Ørsta og Eurospar Volda for maten! Og vi takkar alle som støtta oss med å kjøpe lodd.
Dette er veldig viktig for oss, og gjer at vi kan reise på slike turar med kjekk ungdom!