Eit foto av Svein Myhre skal få stå fremst denne gongen. Inne mellom dei flotte fjella blir det liv og røre når den tredje Urke-Helga skal gå av stabelen i august.

Hjørundfj_fra_leirvfj F.Sv.Myhre

Fjellmannen og fotografen Svein Myhre har brukt telelinse og trekt til seg fjordlandskapet. Innover frå Veibustfjellet ser vi denne praktfjorden vår og det er Sunnmørsalpane som viser seg fram her.

Styret i Grendalaget inviterer i år til ei bygdavandring laurdag, 8. august med start ved Urke Landhandel kl. 12.oo etter opning av tilskipinga og ei orienterande samling ved Grendahuset ein time tidlagare.

 Nr 2 -scann plakat

Plakaten - kankje meir lesarvennleg om du klikkar ein gong + ein gong til.

Så tek vi ei vandrerunde gjennom bygda med nokre stoppestader: Butikken, bruene, kvernhusa, Nilsa-stabburet og ei stø ved kaia for å få lære om robåten, garngreing og garnsetting. Deretter skal vi nyte medbrakt niste og høyre om kaia og kaikulturen.

Om kvelden vert det samling på Grendahuset med ymse innslag. Søndagen blir det vandring framover til Hukåssætra der det er eit håp om å få smake rjomeringe dersom dei påsette damene får tak i tradisjonell tettemjølk. Om dei i tillegg har heimelaga flatbrød, skulle turen vere meir enn sikra.

Urketur mai 09 014

Her har ein lystig? gjeng sessa seg på seltrappa utanfor Ramoselet. Under Urke-Helg 2009 vil vi titte inn i sela og få høyre om kvardag og gutahelg for 75 år sidan.

På laurdagskvelden er det råd å få kjøpe noko å bite i på Grendahuset, men vi satsar på at kvar einskilt sjølv syter for det meste av både husrom og mat. Store og små er velkome til Urke denne helga.

På vegne av Grendalaget: VEL MØTT !