Urke Helg 09 -tekst-1

Dette 50 år gamle fotoet har vore vignett dei to første åra URKE-HELG har eksistert. Bygda, fjorden og fjella skal nok ein gong danne ramme for 2009-arrangementet.

Programmet er spikra og styret i Grendalaget lovar eit variert program som har avsett godt med tid til å møtast og snakkast.

Vi vil seinare - i juni - kome tilbake med nærare omtale av tilskipinga. I denne omgang gjeld det å plotte Urke-turen inn på kalenderen og syte for å integrere URKE - HELG i sine eigne planar.

Urke Helga 08 001 (2)

Denne gjengen, styret i Grendalaget,  er veltrena arrangørar av URKE - HELG og reknar med at det også denne gongen skal bli liv og trivnad når nokre hundre ekstra gjester kjem til Urke i andre helga i august. Frå v.: Kåre Myklebust, Johan Arnt Leknes, Dorit Rønning (leiar), Kåre Jon Berg, Eldrid Øye og Nelly Urke.