Underverket er ikkje så lett tilgjengeleg

For å finne fram til Underverket og få tilgang til innhaldet i dei djupe sprekkene og holene, må snøen vere tina. På baksida av Slogen er det sparsommeleg med sol, og i fjor sommar låg det is både på småvatna i området og i sprekkene så seint som siste dagane i juli. Dermed er det august og september som er tid for å oppsøkje Underverket. Men no er i alle fall Underverket skikkeleg lokalisert og sett på kartet:

Frode mot djupet

Her har du posisjonen om du brukar GPS. Vi ser berre ryggen av Frode Urke frå Søvika på veg ned mot eitt av drusehola i Underverket.

Underverket Kart 2 (2)

Og her har du kartet med Underverket (sjå raud/gul sirkel).

Under ekspedisjonen i fjor vart det ikkje tid til så mange djuptgåande undersøkingar. Vi konstaterte opp til 30-50 cm tjukke kaker med kalsittkrystallar på grunnfjellveggane i sprekkene. Det vart oppdaga eit druserom i sørenden med hengande stalaktittar. Frå sørenden og nordover mot Isavatnet ser ein sprekkformasjonane, nokre plassar som opne, djupe sprekker, andre stader heng taket over sprekkene medan den lausare kalksteinen under har blitt vaska ut og dannar dermed ein gang/tunnel.

I dette massivet er det ein kan finne holer og gangar som har blitt vaska ut av rennande vatn, eller ein kan finne større og mindre holrom - såkalla druserom - som oftast har vorte danna av samlingar av vatn eller gass som har vorte innestengd under størkninga av dei flytande massene.

Innsamling av opplysningar

Det er grunn til å tru at det i tida framover vil bli brukt ein del tid til å gå grundigare til verks for å avsløre Underverket. Ta med eit høveleg tau, god lommelykt, meisel og ein liten hammar.

Geologiinteresserte vil svært gjerne få vite om funn, observasjonar og bilete. Underteikna tek gjerne mot slike opplysningar og vil formidle dette til Ålesund og Omegn Geologiforening - der fleire med røter frå Hjørundfjord er aktive medlemer.

UNDERVERKET og GEOLOGIEN

For å få fram ein del forklaringar om korleis slike fenomen oppstår, kan det vere nyttig å spørje geologar.  I fjor sommar hadde vi med Einar Fivelsdal i ÅOG som ga oss ei skikkeleg forklaring på kva som har skjedd her. Det er ikkje å unngå at dette tek ein del plass på portalen som følgjer ein meir tabloid stil. I "Møre-Nytt" og i "Nytt i Uka" har det vore skrive artiklar om både dette temaet og om han som oppdaga Underverket tidleg på 1900-talet - plassemannen Nes-Fredrik.

Eg tillet meg likevel å ta med eit lite utdrag av samtalen med Einar Fivelsdal:

Einar Fivelsdal (2)

Einar Fivelsdal i Ålesund og Omegn Geologiforening.  Du finn fleire bilete i slutten av artikkelen.

Underet?

Eit amatørmessig spørsmål kjem sjølvsagt:

- Er det grunnlag for å bruke namnet Underverket  om det vi er vitne til her?

Einar Fivelsdal er krystallklar i svaret.

 -  Nei, det er ikkje eit under i vanleg betydning. Alt vi ser her kan forklarast, men det er slett ikkje rart at det er mange som har undra seg over det ein ser her.

 - Men først vil eg slå fast at for ein geolog er det svært interessant å kome over eit slikt funn her på Sunnmøre der gneis og granitt er så einerådande.

- Ein gong låg dette eit godt stykke nede i jordskorpa som har ei mengd sprekker og holrom. Når ein kjem ned der berggrunnen er deigaktig, plastisk, og i ein størkningsprosess, så lagar det seg ofte gassfylte holrom og sprekker. Nokre av sprekkene kan bli fylte av flytande masse (magma) som kan størkne langsomt til pegmatittgangar av ymse mineral. Vi ser dette som spraglete band og årar i berget.

- Men i blant kan holroma (druser) og sprekkene bli fylte med vatn. Vatnet er gjerne mineralrikt og blir overmetta når trykk og temperatur minkar. Då fell det ut krystallar.

 - I bergverksarbeid og tunnellar kjem ein også fram på slike druserom og sprekker der krystallar av kvarts, feltspat og mange andre mineralar har vokse fram på veggane. Kalk og kalsiumkarbonat er heilt vanleg i slike omgivnader. Innhaldet i grunnvatnet er dermed heilt avgjerande for krystallsorten.

- Slik har det og vore her i Underverket. Sprekka som var fylt med kalkrikt vatn, grodde meir eller mindre igjen.  Ingen kan i dag seie om der finst store eller mindre druserom lenger nede i grunnen under Underverket. Fallande stein og rennande vatn kan avsløre druser.

 Tida arbeider

- Korleis har desse sprekkene kome til overflata? vil vi gjerne vite.

- I geologi-samanhengen må vi alltid ha med i tankane dei voldsomt lange tidbolkane, millionvis av år som har påverka jordskorpa og jordoverflata.  Istider har høvla av jordyta, ver, vind og vatn har slite, erodert omgivnadene.  Her er det først og fremst istidene som har skrella av så mykje av grunnfjellet at sprekkene vart avdekte.

- Då slapp regnvatnet til og først tynna det ut det mineralrike grunnvatnet. Deretter vart kalken så sakte, så sakte løyst opp og dermed fekk vi sprekkene og gangane som vi ser her ved Underverket.

Trass i sine 78 år er Einar, opprinneleg frå Sogn, sprek og oppglødd over å få forske og oppdage stadig nytt i naturen. I fjor var han med ein omfattande ekspedisjon til Grønland. Han har hatt geologi og steinsamling som hobby i 40 år. Geologien sin djuptgripande verknad på dyreliv, planteliv og menneska fasinerer Einar som får ”glimtet” i augo då han orienterte oss som var med til Underverket.

 Folksomt

Det var folksomt ved Underverket denne augustdagen i 2008. Dei fleste  står her i tittar ned i sprekkene, ei av dei ivregaste ligg på magen og kommuniserer med Helge L. Urke og andre som opererte meir i djupna. Eit tau kan vere lurt å ha med på ein slik tur og gjerne ein meisel og ein lett hammar.

Urke Helga 08 052

Her får du eit inntrykk av sprekkdanninga og djupna. Helge L. Urke hogg laus kalsittkaker til Hilde Vestre frå Haram.