Det vil seie at Sæbø skulekorps kan dekke opplæringsutgiftene for inntil 10 nye aspiranter det første året. Aspiranten må sjølv betale kulturskulen, men vil få refundert kr. 2.500,- frå korpset etter at det første året er fullført med aktiv deltaking i undervisinga.

Det er nødvendig med to års opplæring før ein vert medlem i korpset, men aspirantane får svært tidleg vere med og spele det dei har lært når vi har arrangement. Dei får og ta del i kulturskulen sine konsertar og dette synest dei er kjekt. Å spele frå scena i kulturhuset er stas!

Det er ikkje utan grunn foreldregenerasjonen, besteforeldre og andre får eit litt fjernt blikk når dei fortel avkomet om si fortid som korpsmusikant.

Korps er kjekt, det er sosialt, det er disiplin og det gir ei kjensle av meistring når ein skaper musikk i lag med andre.

Dei som har vore på korpsstemne veit kor flott det er når korps etter korps marsjerer og speler i lag.

Vi nærmar oss 17. mai og i år får vi igjen oppleve musikk frå lokalt korps på Sæbø.

Vi har nyleg gått gjennom det vi disponerer av instrument og meiner her skal vere rikeleg til nye musikantar.

Alle elever ved Sæbø skule har fått med seg heim eit søknadsskjema frå kulturskulen.

Vi meiner dei som søkjer må vere minimum 2. klassing frå hausten og modne nok til å kunne ta imot opplæring i små grupper.

Velkomne til korps!

Har du spelt i korps tidlegare er du velkomen til å spele i lag med oss!

Helsing Sæbø skulekorps.