I oktober vart det lagt ei vinterbok i Fonnvernet og ei i posten vår i Gunnarråsa, tanken var at dette kan vere ein liten inspirasjon til dei som ville halde fram med å gå her utover vinteren. Ikkje visste vi då at området øverst i Gunnarråsa ikkje er heilt trygt, og vi oppmodar folk å ta hensyn til naturen sine luner.

vinter

Ein gong i slutten av november har naturkreftene herja her.

I det siste har her vore gjort ein stor innsats av flittige hender og råsa er godt rydda og merka igjen. Vi har merka oss at dette har vorte ein populær og godt nytta trimtur, her er mykje folk innom trimposten kvar dag.

Henrik MoTorbjørn og Olai

Her treff ein ofte kjentfolk.

I Gunnarråsa har 227 besøkande skrive seg inn i boka mellom den 13. oktober og den 3. mai, den heldige vinnaren ved trekkinga i dag er Henrik Mo.

IMG_0398

 

Her har vi fått på plass ei av dei nye flotte trimpostkassene oppe i Gunnarråsa.

Slike kasser vert plasserte ut etterkvart som økonomien i gruppa tillet det, i dag har ny kasse kome på plass på Frølandssetra.

 

I fonnvernet har vi hatt 178 besøkande og vinnaren her vart Ståle Walseth. Dei 2 heldige vinnarane vil få ein overraskelse levert på døra med det første.

 

Sist torsdag opna vi trimtursesongen med den første av 3 «ut av bygda turar».

 

IMG_0391IMG_0392

Her er gjengen som var med på turen til Elvadalen i Volda.

Turområdet var ein positiv overraskelse, her har ein virkelig fått det fint til med velstelte rasteplassar og interessant informasjon på fleire oppslagstavler.

 

Vi satsar på ein god og sprek sommar med mange fine turar, og håper mange vi ta seg tid å vere med. Husk at turane er for alle, både kvinner, menn, unge som gamle er hjertelig velkomne.

Minner om tur rundt Vatnevatnet kommande torsdag, sjå i aktivitetskalendaren.

 

Helsing trimgruppa