Det er ein årleg tradisjon - plantedagen på Sæbø.  I starten vart det visstnok kalla gravdag, men det namnet vart i tristaste laget.  No har dagen fått eit trivelegare namn - altså plantedagen.  I går, onsdag 27. mai, var det den 31. plantedagen i rekkja som vart avvikla.  Som vanleg var det "bedehusdamene" som stod bak.

IMGP0916 kopi

Blomar vert selde på plassen mellom bedehuset og kyrkja.

Noko enkjelt forklart, er plantedagen den dagen i året då folk flest tek storreingjeringa og oppussinga av gravene til sine næraste.  Planter får ein kjøpe av gartnarar som møter opp på utanfor bedehuset.  Så er det berre å plukke ut dei rette blomane og setje i gang med spade og mold.  Men dei som utfører arbeidet med gravene treng også næring.  Mat - flotte smørbrød, sveler, lefser og kaker som er eit stort bryllaupsbord verdig - får ein kjøpt av "bedehusdamene".  Den som ynskjer å vere med på ei andakt, kan berre møte opp i kyrkja klokka 12.  Andakta tek soknepresten seg av.

IMGP0918 kopi

Ekteparet Sigurd(t.v.) og Bertha Stokke er mellom veteranane på plantedagen på Sæbø. Her er dei i samtale med Ole Standal.

Åshild Taklo, som har vore med å arrangere plantedagar heilt sidan starten i 1978, veit at det var tidlegare sokneprest Arne Svilosen som tok initiativet til denne dagen.  Ein morgon han sat og åt frukost oppdaga han svært så mange kyrkjegarden.  Om han trudde det hadde vore ein oppstandelse skal vere usagt, men etter kvart såg han at dei planta og stelte til på gravene.  Han tok kontakt med bedehusforeninga og dermed var dei i gang. 

Åshild trur forresten at det var B.M. Håndlykken, gartnaren på Urke, som hadde ei hand med i laget, dvs. gjorde at så mange møtte opp og pynta gravene denne spesielle morgonen då Arne Svilosen oppdaga dei.

IMGP0919 kopi

Åshild Taklo (t.v.) og Knut Åmås (t.h.) meiner å hugse at den første plantedagen var i 1978.  I bakgrunnen kan vi skimte  kakebordet med den gode maten.

No må det også seiast at fleire av oss møter opp denne dagen berre for å drikke kaffi, ete kaker og slå av ein hyggeleg prat.  Om fleire skulle få lyst til akkurat det neste år, vert det sjeldant tomt for mat på kakebordet.Andre igjen, kanskje dei fleste, kjøper også med seg sommarblomar til hagen heime.

Sjølvsagt er det flest eldre som nøter opp på denne festdagen, men både barnehagebarn og skuleelevar møter gjerne opp.  Mange veit om at det er lodd å få kjøpt også...

IMGP0924 kopi

Margreta Aklestad, i midten, er sjefen for loddsalet.  Åshild Taklo(t.h.) kan berre smile,  denne dagen kom det inn over kr. 12000,- til bedehuset.  Det vart seldt kaker for ca. 8.000,- og lodd for ca. 4.000,-. Og kyrkjegarden?  Den er no på sitt vakraste.