I Møre-Nytt sist laurdag kom det fram at tretten legar hadde søkt dei to ledige legestillingane på Vartdal og på Sæbø, men at alle no hadde trekt stillingane sine.

IMGP0910 kopi

Legebustaden, legekontoret og helsestasjonen på Sæbø.

- Per Olav Brautaset, kommunelege i Volda, eg snakka med deg tidlegare i vinter og då gav du uttrykk for at du ville søkje den ledige legestillinga i Hjørundfjorden - om ho vart lyst ut som solopraksis, dvs. ikkje underlagt Ørsta helsesenter.  Rett før søknadsfristen gjekk ut snakka eg med helseleiar Frode Urke i Ørsta kommune.  Eg oppfatta det slik at du ikkje hadde søkt den ledige stillinga.  Kvifor?

- Då har du nok mistydd Frode Urke.  Eg søkte stillinga innan fristen og eg er framleis interessert i å vere lege i Hjørundfjorden .

- Å?

- Eg har til og med vore i samtale med Ørsta kommune i slutten av april.  Då fekk eg ikkje vite skikkeleg om eg var den einaste søkjaren, men eg kom då med eit tilbod - eller kall det gjerne eit krav til kommunen - for å ta over legestillinga etter Bruno Hame.  Dette tilbodet/kravet vart avvist av Ørsta kommune.  Dette hadde nok med økonomi å gjere.

- Og så har det ikkje vore meir kontakt mellom dykk?

- Jau, eg kom med eit nytt, redusert tilbod - eit tilbod som hadde medført at eg ville ha gått monaleg ned i løn i høve til den inntekta eg har i dag ved Volda helsesenter.  Etter at eg la fram dette siste tilbodet hadde eg samtalar med kst. helse- og sosialsjef Oddvar Marøy i Ørsta kommune.  I denne siste samtalen eg hadde med Marøy avslutta han med at han ville legge fram dette tilbodet/kravet framfor rådmannen. Sidan har eg ikkje høyrt noko frå Ørsta kommune.

- Men i Møre-Nytt laurdag den 23. maia står det at "I dag er det ikkje att ein einaste søkjar"?

- Sist helg var eg vekke, men då eg kom tilbake las eg også dette i Møre-Nytt.  Det er vel rett å seie at eg vart overraska eg også i all den dag eg ikkje har høyrt noko frå Ørsta kommune etter denne siste samtalen med Marøy. 

Som sagt - eg har hatt samtalar med Ørsta kommune og i løpet av desse samtalane har eg nok fått inntrykk av at agendaen til Ørsta kommune er sentralisering av legetenesta i Ørsta - sentralisering til Ørsta sentrum.

- Så du har ikkje trekt søknaden din/takka nei til legestillinga i Hjørundfjorden?

- Nei, absolutt ikkje og eg er framleis interessert i den om vi vert samde om den økonomiske biten.

- Eit siste spørsmål, Per Olav Brautaset, Ørsta kommune seier at dei ikkje har lokale å tilby ein ny lege på Sæbø trass i at vi i dag har eit legekontor og ein helsestasjon ståande der, lokale som nærast er i dagleg bruk.  Kva hadde du tenkt deg som lokale?

- Eg hadde tenkt meg at legekontoret vart lagt til Hjørundfjordheimen.  Det er naturleg at ein sjukeheim har eit legekontor slik vi i dag t.d. har det i Volda og då ville det vere naturleg at dette kontoret også vart nytte til legepraksisen utanom sjukeheimen.  Det vi måtte ha hatt i tillegg, var eit venterom og eit rom laboratorium.  Dette skulle vi nok ha funne ei løysing på og eg sa også at dette ikkje var noko absolutt krav frå dag ein, men slik eg no forstår det, etter å ha lese Møre-Nytt, er dette ikkje ei problemstilling eg treng bry meg med, avsluttar Per Olav Brautaset.

------------------

- Kst. helse- og sosialsjef i Ørsta kommune, Oddvar Marøy - i Møre-Nytt sist laurdag står det at det ikkje er att ein einaste søkjar til legestillingane på Vartdal og i Hjørundfjorden.  Er dette korrekt?

- Orda som der er brukt, er slett ikkje mine.  Eg har ikkje sagt dette til avisa.

- Ok, eg snakka i går med lege Per Olav Brautaset.  Han stadfesta at han var søkjar til den ledige stillinga i Hjørundfjorden.  Han opplyste også at han hadde vore inne til samtale med dykk i Ørsta kommune i slutten av april, og han opplyste at han hadde sett fram eit krav for å ta over legestillinga i Hjørundfjorden - eit krav administrasjonen i Ørsta kommune hadde avvist.  Vidare opplyste Brautaset at han hadde lagt fram eit nytt, redusert tilbod/krav.  Så hadde han snakka med deg og du hadde avslutta med at du ville legge fram dette tilbodet/kravet for rådmannen.  Sidan har ikkje Brautaset høyrt noko frå dykk - i alle høve ikkje før han las laurdagens Møre-Nytt.  Er dette ei korrekt framstilling?

- Nei, denne framstillinga kjenner eg meg ikkje heilt att i.  Det heile har vore ein lang prosess og no kunne vi ikkje vente lenger før ei avgjerd vart teken.  Under forhandlingar er det viktig at ein veit kva ein vil.

- Men dersom Brautaset var inne til samtalar med dykk så seint som i slutten av april er det vel ikkje han som har ansvaret for at denne saka har drege ut?  Og igjen - har Per Olav Brautaset fått anna svar på tilbodet sitt enn det han las i Møre-Nytt sist laurdag?

- Vi har hatt fleire samtalar med Brautaset og vi har nok ein litt annan variant av det som har blitt sagt enn den varianten Brautaset har lagt fram - utan at eg vil seie så mykje meir om det.  Og ja, Brautaset har fått eit anna svar på tilbodet/kravet sitt for å ta over legestillinga i Hjørundfjorden enn det som kom fram gjennom lokalavisa.  Eg har sjølv skrive- og sendt brev til Brautaset.

- Slik du legg fram saka reknar eg med at det er økonomi som er grunnen til at Per Olav Brautaset ikkje fekk stillinga.

- Det er nok korrekt oppfatta.

Då driftsutvalet gjorde vedtak om at dei to ledige legestillingane skulle utlysast på nytt, gjorde dei samstundes vedtak om at saka skulle attende til driftsutvalet om det ikkje lukkast å få tilsett legar i dei to ledige legeheimlane. Har de i administrasfjonen på nytt lagt fram saka for politikarane der de har bedt om meir pengar for å få tilsett lege i alle høve i Hjørundfjorden?

- Nei, det har vi ikkje gjort.  Vi har gått ut ifrå at føresetnaden for å tilsetje ny lege i Hjørundfjorden har vore at denne stillinga ikkje skal føre til høgare utgifter enn det noverande legestilling gjer.  Vi må halde budsjetta.

- Men legestillinga i Hjørundfjorden, legestillinga til Bruno Hanme, har vel vore svært så rimeleg for Ørsta kommune?

- Det er korrekt.

- Til slutt, kst. helse- og sosialsjef Oddvar Marøy, i den same avise står det å lese at Ørsta helsesenter har sagt frå at det ikkje er interessert i å drifte legekontoret på Sæbø.  Er det korrekt at representantar frå Ørsta helsesenter har vore med i samtalar med søkjarane til dei ledige legestillingane?

- Nei, det er ikkje korrekt, men lege Nancy Brattelien har vore med i desse samtalane.  Brattelien er tilsett ved Ørsta helsesenter, men ho har vore med som tillitsvald til fagforeninga Den norske legeforening - ikkje som representant for Ørsta helsesenter.