Ny rekord i tal på utstillarar.

Malen i år vert som før. Vi har omlag 45 utstillarar innan kunst, handverk, brukskunst,  husflid, lokal mat, tradisjon, demostrasjon og formidling.

Nokre av utstillarane syner korleis dei lagar varene dei sel der og då. Mest alle utstillarane er nye for Hjørundfjorddagane sin del.

Sigmund Årseth

Sigmund Årseth

Den kjende kunstmålaren Sigmund Årset frå Hjørundfjorden og Valdres er hovudutstillar. Han har vore utstillar før ein gong på Hjørundfjorddagane, så tidleg som i 1993.  Årset har hatt separatutstillingar fleire stadar på kontinentet og i Amerika.

I år vert også dotter til Årset med, ho heiter Marit og stiller på Hjørundfjorddagane med akvarellar.

Noreg sin mest kjende treskjerar.

Rolf Taraldset, Noreg sin mest kjende treskjerar kjem og til Sæbø. Han har med nokre svært detaljrike relieff som ikkje har vore synte fram på Sunnmøre før. Han er fleire gongar i året i Amerika og stiller ut der, eller har kurs i treskjering. Vi er svært stolte av at Taraldset kjem til Hjørundfjorddagane.

Alt i september var det klart at Merethe Leira Hjelle og Ingrid Lindstad Hildre ville delta med strikk. Merethe strikkar kolleksjonar i alpakkaull. Til Hjørundfjorddagane har ho med strikka kle som skal synast frå scena av lokale mannekengar. Handstrikka kle som ingen har maken til, er vel noko alle set umåteleg pris på.

Aud Hjelle frå Lote i Sogn og Fjordane stiller med tova kle på dagane. Ho er mellom anna kjend for sine ”Kvinner i fjøra” tilstellingar. Ho er ein svært ettertrakta kledesignar. Vi er stolte av å ha ho på Hjørundfjorddagane.

Marit Lillestøl Aarset stiller ut måleri i ulike teknikkar. Ho er frå Volda, men bur no i Ålesund. Ho vil ha med seg faren Sverre som lagar brukssmijern og Ingeborg Lejon Rørvik med keramikk. Ein vakker kombinasjon.

Nabohjelp på utstillingssida

Ørstingar skal også stille ut på Hjørundfjorddagane. Vi er så heldige å ha fått med Rolf Vatn, han vil demostrere korleis ein lagar keramikk, han tek med seg dreieskiva til Sæbø. Sjølvsagt vil han også ha utstilling av ferdige produkt.

Arne Ola Grimstar er ein svært allsidig mann, han vil både demostrere korleis ein lagar trekoppar og ha utstilling av trebollar,staup og anna vakker han har smikka.

Markering av Kulturminneåret 2009.

I år er det Kulturminneåret 2009. I den samanheng skal Hjørundfjord Kulturvernlag ha formidlingsutstilling på gymsalen. Kulturvernlaget har henta inn hjelp til denn utstillinga utanfrå. Ørsta har eit svært aktivt Ørsta husflidslag og dei lova å yte oss hjelp så det vert demostrasjon av karding og spinning.

Husflidslaget på Stranda har hatt kurs i skinnfellmaking og folk derfrå demostrerar korleis det vert gjort på Hjørundfjorddagane.

Per Hovdenakk frå Ørsta stiller ut eit Kvernhus i nøyaktig proporsjonar, han vil syne korleis kvernhuset fungerte.

Magne Årset frå Bondalen og Porsgrunn har laga kopi av Risestøylen, denne vert avduka under opninga av dagane.

Astrid Saure vil lage sølvsmykker, onkelen hennar Rolf Saure smir knivar eller anna av jern.

Det vert løfse-og flatbrødbaking og sal av lokal mat som eit bondens marknad.

Det er umogeleg å få med alle utstillarane i ei kort pressemelding, men for alle som har sans for kunst, kultur og oppleving, set av fyrste helga i juni og kom til Sæbø. Dei fleste kunstnarane har salsutstilling, så det vert høve til å kjøpe mykje vakkert og spesiellt.

Open gard og dyr.

Torhild Staahlen som Ocatvian i Rosenkavaleren

Torhild Staahlen i Ocatvian i Rosenkavaleren

Hjørundfjord bondelag er også samarbeidspartnar i år. Dei stiller med dyr på stemneområdet, Sæbø samdrift på Rise har open gard i samband med Hjørundfjorddagane, der kan folk få kome inn og sjå korleis ein splitter ny datastyrt fjøs vert driven- og det frå orkesterplass på hemsen dei har bygd ferdig. Derfrå kan ein sjå mjølkeroboten i sving, automatisk foringssystem og få forklart korleis det heile verkar av eigarane sjølve med Knut Riise i spissen.

 

Vi skal ha hesteskyss- og utstilling av sjølvaste ”Gråtass”, traktoren dei fleste born dei siste åra har fått kjennskap til.

Gle dykk alla saman dette vert dei beste og mest varierte utstillingane på Hjørundfjorddagane nokon gong!

 

Kyrkjekonsert med Knut Skram og Torhild Staahlen.

Perla i Hjørundfjorddagane er nok konserten med Knut Skram og Torhild Staahlen i Hjørundfjord kyrkje laurdagskvelden. Der er framlei billettar att. Ta kontakt med leiar i nemnda for Hjørundfjorddagane.

Knut Skram

Knut Skram

Programmet frå scena vert svært variert- god familieunderhaldning begge dagane, så latteren kjem til å sitje laust. Eg nemner berre kort Ina Breivik med ”Margot”. Geir Gjelten som stel deg rein om du ikkje passar på- og sjølv då loppar han deg for lommebok og klokke.

Det vert folkemusikk, med dyktige songarar frå Hornindal,  konsert med ”Vi Menn”- danseorkester frå sogn og Fjordane og vakker korsong med Stemmebandet frå Ørsta og Volda.

Viktig distrikspoltisk debatt.

Sundagen sitt høgdepunkt vil mange kalle debatten om verdiskaping i distrikta med Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og leiar av Frp Siv Jensen m.a. Dette er den viktigaste debatten einkan reise i distriksnorge i 2009.

Tidlegare sundag er det gudsteneste i Hjørundfjord kyrkje med ”gamlepresten”, i denne samanheng eit hedersord, Arne Svilosen.

Likar du å danse? Då er Hotel sagafjord laurdagskvelden etter konserten i kyrkja noko for deg. Flott dansemusikk med ”Vi Menn”.

Marit Lillestøl Aarset stiller ut måleri i ulike teknikkar. Ho er frå Volda, men bur no i Ålesund. Ho vil ha med seg faren Sverre som lagar brukssmijern og Ingeborg Lejon Rørvik med keramikk. Ein vakker kombinasjon.

 

Synnøve Rekkedal Hill- leiar Hjørundfjorddagane 2009-