Det var 1.mai at Sæbø fekk besøk av Stranda2. Bana var grønn .temperaturen var fin og vèret litt overskya. Altso låg alt til rette for ein kjempe dag å spele fotball på.

Sæbø opna best og tok føringa i kampen. Dei pressa på men mangla ofte dei siste berøringane for å få ballen inn. Av dette vart Sæbø sikkert litt frustrerte og prøvde seg på nokre langskudd som diverre oftast ikkje traff målet eingong. Heilt uventa var det Stranda2 som 10 minutt før pause tok leiinga. Stranda hadde knapt vore på Sæbø sin banehalvdel då Sæbø`s keeper Frank Vatne var litt uheldig på eit tilbakespel. Ballen stussa litt merkeleg i det frank skulle sparke han ut, det vart eit sleivspark som enda opp med ein Stranda spelar som enkelt fekk putte inn 1-0. Dette var og resultatet til pause.

165159

Ca 70 tilskodera møtte opp for å heie på Sæbø denne fine 1. Mai dagen. Martin Dimmen filma kampen slik at trener Emile får analysere dagens prestasjon.

At trenar Emile hadde sagt noko til Sæbø spelararne i pausa var heilt klart. Der Sæbø spelararne i første omgong såg usikre og nervøse ut, viste dei no i 2. omgongen at dei hadde senka skuldrane og kunne trille ball. Stranda la seg litt bak på grunna Sæbø presset. Sæbø hadde igjen kampen slik dei ville men klarte framleis ikkje å få ballen inn!

158Yngve Frøland sist ut på bana men raskast når det gjeld. I ein alder av 23 år er han ein av dei eldste og mest rutinerte Sæbø laget. Han var ein av mange som gjorde ein kjempe innsats denne dagen.

Etter 20 minutt ut i 2. omgang løsna det endeleg for Sæbø. Svein Ivar Moltu fekk tak på ein retur som han prikka lett i mål. 1-1. Etter berre nokre minutta la Yngve Frøland inn fra sida slik Marius Riise kom åleine med keeperen, han runda keeperen lett og Sæbø gjekk opp i 2-1.

162Eit litt eldre Stranda lag hadde nok plana om å prøve å sikre inn 0-1 leiinga men slik skulle det ikkje gå.

Sjølv om Sæbø leia 2-1 fortsatte dei å presse på. Svein Ivar Moltu putta 2 ganger før Marius Riise la inn til Bjørnar Holen som sikkert banka ballen i mål. Både Svein og Bjørnar debuterte i serie samanheng for Sæbø men ekstar svært var det at Bjørnar scora i sin første seniorkamp. Rett før slutt scorte Svein Ivar eit til mål før Sæbø gav seg for dagen. Sæbø vann fortent 6-1 over Stranda2.

164160

Stian Holen (t.h) steppa inn på kort varsel i kiosken då kioskjentene måtte melde avbud, det set vi pris på. Han var litt skeptisk før Sæbø fekk mål. Framtidig Sæbø\Norge spelar Aslak Eikrem Riise viser gamlekarane på benken at det er håp for framtida.

På Sæbø var det mange gode spelarar denne dagen. Spesielt kjekt er det at dei aller yngste gjær det bra. Jon Martin Mo som ogso debuterte for Sæbø denne dagen, spelte glimrande på midtbana. Mikkel Riise som kom inn i 2. omgang var eit friskt pust som satte ekstra press forover. Ein del av dei nye spelarane frå Volda blei og rullerte på og det ser svært bra ut for Sæbø at vi har mange som kan spele på dei ulike plassane. Men det er særskild kjekt at dei yngste viser at dei kan ta steget opp på senior fotball!!

172Etter kampen samla alle Sæbø spalarane seg på klubbhuset til brennsnut som trenar\kokk Emile hadde laga. Det sosiale samhaldet er nesten like viktig som treningane seier Emile og han seier at det med å kunne ete i lag etter kamp er svært viktig for å kunne bygge lag med god moral. Dette er sjølvsagt spelarane samde i og vi set alle pris på den store innsatsen som Emile legg ned for A-laget. Det set vi pris på!!

Heilt til slutt må eg ta med at ogso banenemda går nye vegar i rekruttering av mannskap. Her er det Ole Stokke som instruerar framtidige klipparar av grasbana. Eskil,1 år på fanget, medan Nikolai og Aslak står på stigbretta og følger med.

180