Det er ikkje raude, gule, grøne og blå tradisjonslause papirlappar som gjeld når det er basar på Urke. Her kan du vinne ei mengd gevinstar med ekte handforma treårer i bjørk med fire nummer på framsida og det femte bak. Årefest og basar er identiske begrep og står for ei triveleg samkome som vert avslutta med applaus til arrangøren.

Urketur mai 09 032

Nelly Urke (i midten) er leiar i Urke Helselag og er strålande fornøgd med stemninga på basaren og resultatet. Kirsten Berg er klar med årene som skal seljast.

Helselagsbasaren vert halden i mai og kvart år er Grendahuset i minste laget. Det måtte dekkast bord også i gangen for å skaffe sitjeplass til alle.

 I år vart det 10-12 trekningar  med 15 gevinstar pr. trekning. I tillegg var det selt lodd før og under basaren i dei vanlege basarbøkene der kremgevinstane var samla. Det blir gjerne mange gevinstar på kvar deltaker – mest ingen går heim utan å ha vunne heimestrikka raggar, noko godt å fortære eller ein annan gevinst som er kjekt å ha.

Urketur mai 09 031 

Seks år gamle Tuva frå Sula er fornøgd så langt med sine gevinstar, særleg den til høgre.

Og i tillegg til bort i mot 200 gevinstar, er det gratis og raust med noko å ta inn: Ei brusflaske på kvar av ungane, kaffi med bløtkaker, lefser og vafler til alle. Desse ingrediensane saman med høve til ein godprat, er grunnlaget for ei minneverdig samling for både fastbuande og tilreisande.  For det er slett ikkje berre bygdafolket sin fest. Hyttefolket stiller og slektningar av noverande og tidlegare Urkefolk samlast.

Urketur mai 09 028

Her er det tilreisande med sterke røter i Frikegarden som konsentrerer seg om å sjekke om det er gevinst å hente på denne trekninga. Frå v.: Marianne Urke, Klaus Fredrik Urke og Leif Dahl.

Det økonomiske resultatet er og hyggeleg for Urke Helselag. Nelly Urke er leiar og opplyser at brutto-omsetninga passerte også i år 25.000 kr, medan netto overskot vart 18.100. Differansen dekkjer mat og ein del gevinstar.

Helselaget støttar tiltak både i lokalmiljøet, i kommunen og regionen. Siste året har det vore gitt støtte til toalett på kaia saman med mindre velferds- og helsetiltak i bygda. M.a. får alle over 70 år blomehelsing til jul.

Urketur mai 09 034 

Åse Urkegjerde (t.v.), Marie Rønning og Bjørg Berg kosa seg bak i kråa, samtidig som dei måtte passe på trekningen og tala på årene.

Nelly kan og opplyse at dei gir støtte til opp-pussing av rom for rom på Hjørundfjord-heimen, støtte til Ørsta Røde Kors, Muritunet og sjølvsagt til Kreftsaka.

Avviklinga av Helselagsbasaren er ei av de koselege hendingane i bygda og det er berre triveleg å førebu og gjennomføre denne årlege tilskipinga. Vi ser at det er mange som reiser langvegs frå for å få med denne tradisjonen, seier Nelly og takkar alle for innsatsen.