Laget, under leiing av Ronny Norangshol, var ivrige og lette til beins i den første kampen, mot Volda 1. Måla rulla inn til tosifra resultat, og sigeren var overlegen til Sæbø. Kjempekjekt!

090509 026 090509 028

Etter kampen var det ein halv time å vente til neste kamp. Skyene vart mørkare, og snart regna det både nedover og bortover.

Kampen mot Volda 2 enda med uavgjort resultat: 4-4. Sæbø spelte nok ein god kamp!

I den siste kampen møtte vi Ørsta. Spelarane våre var nok litt leie og våte. Ein del av dei syns det var nok fotball no, og ville finne på andre ting.... Likevel greidde Sæbø å score 2 mål. Kampen enda med tap, men det gjorde ingenting! Ei kjekk turnering, sjølv om det var litt surt vêr undervegs!

106
Matias, Andreas, Tor Eivind, Thea Karin, Johan Peder, Jo-Martin, Sølve og Markus 

Godt jobba av Sæbø mix 2002!