Eskil og Nikolai

Eskil og Nikolai er stolte av sin nye bror

 

Linda og Arve med familie

Arve og Linda ilag med gutane Eskil og Nikolai og den nye.

I Pegarden på Stokke har der støtt vore liv og røre med mykje folk og ungar oppigjennom, og dette ser bra ut for den generasjonen som  veks opp no også. På søndag føremiddagen 5.april kom der til verda ein liten gut på sjukehuset i Volda og mora var Linda Stokke og faren Arve Rødvik og er frå Pegarden på Stokke.


Linda sin gut nr.3

”Gullklompen” hadde vekta 3400g og var 50 cm lang.

Fødselen gjekk fint og forma til mor og son er upåklageleg, seier mor Linda til oss. Og sidan ho ikkje nemner noko om faren, så reknar vi det som sikkert at det står like bra til med han.

Mor er i dag(8.apr.) venta heim og gler seg til å kome heim til familien med det nye familiemedlemmet til påske og til påskefeiring. Heime på garden ventar pappa og dei stolte brødrene Nikolai 6 år og Eskil 2år på at mor skal kome i dag.

I det andre huset på garden, der besteforeldra Ole og Bente, tante Rebekka og oldemor Nanna bur, er det nok også gjort klar for påske og feiring av heimkomsten til den nye. Senior–Ole, har lova og heise flagget til topps i dag for å markere dagen.

Mor Linda, fortel til oss at guten har ikkje fått tildelt namnet sitt endå, men når familien får roe seg i påska vert det nok ei råd med eit namn får me tru, seier ho. Ho har ei utfordring til gutane sin bestefar om at no er det tre gutar på garden, og interessa for traktor og gravemaskin vert nok like stor, reknar ho med, til alle tre. No er det berre for bestefar Ole å spekulere ut korleis han skal få plass til tre gutar i traktor og gravemaskin, og Linda utfordrar bestefaren til gutane med dette.- Vi må nok gå utfrå at mor veit kva ho snakkar om i denne samanhengen.

Tanta til gutane, Sunniva Stokke har sendt oss bilder av familien, og takk og være henne, kan vi vise alle lesarane i hjorundfjord.no den nye hjørundfjordingen.

Linda har vore med oss i Hjørundfjord Bygdemobilisering og vore fast medlem i styringsgruppa i over tre år. På denne tida har ho fått to gutar, og ei samla Styrinsgruppe på 11 medlemmar har ikkje noko problem med å være einige om at Linda er vår aller beste bygdemobiliserar.

 

Hipp, hurra for Linda, og gratulere frå oss i Styringsgruppa. Vi stikk innom som snarast skal du sjå.

 

Med beste helsing Styringsgruppa i Hjørundfjord Bygdemobilisering.