Skattejakta 046

Arvid Urkegjerde er ein fast deltakar på Skattejakta. Kjem han i år?

Skattejakta har vorte ein tradisjon på Sæbø i påska etter at dåverande hotelldirektør Andre Erni midt på 1990-talet lokka Sæbø IL til å arrangere noko så håplaust som å få folk til å vandre i og rundt Sæbø sentrum for å svare på spørsmål ein ikkje greidde. Utruleg nok vart ideen teken godt i mot blant publikum, og dei siste åra har over fem hundre vore med på arrangementet.

Etter kvart har fotballgruppa i Sæbø IL teke ansvar for arrangementet, og det er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til gruppa. Leiar Alexander Riise Olsen håper på minst like stor deltaking som dei seinare åra, og håper i år å unngå snøstorm, slik det var i 2007, og delvis i 2008. Vermeldingane er brukbare. Det kan verte austavind, og då er det godt ver på Sæbø.

Men uansett ver, folk er med på Skattejakta. Difor er fotballgruppa varsame med å endre konseptet, og gjer heller ikkje det i år. Løypene vert i og kring Sæbø sentrum, og både fredag og søndag er det seks postar. Det er spørsmål både for små og store, og i ymse kategoriar. Det vert premieutdeling på Sagafjord Hotell begge dagar, og som vanleg vert det begge dagar premiar til dei laga som har mest rette svar. Søndag vert det trekt ut fleire flotte deltakarpremiar for dei gruppene som har vore med begge dagar.

Så langt er alt slik det plar vere. Nytt av året er at fotballgruppa har sagt ja til at elevane i tiande klasse ved Sæbø skule får lov til å servere middag på klubbhuset til slitne deltakarar etter at dei har gått Skattejakta. Fredag vert det potetball, og søndag rjømegraut. Tiandeklassingane håper med dette initiativet å skaffe nok inntekter til å ta seg råd til ein tur med dei kvite bussane til Auswitch.

Nytt er det også at fotballgruppa har teke fargeskrivaren i bruk, slik at det på nokre postar ikkje vert vanlege spørsmål, men bilete og symbol ein skal svare tydinga på....

Riise Olsen og fotballgruppa håper folk i hopetal støttar opp om arrangementet, og mottoet er som vanleg ut på tur, aldri sur (men spørsmåla er håplause). Hugs at dette er ein uhøgtideleg spørjeleik, og skal han vere morosam for alle, let vi vere å ta med oppslagsverk, mobiltelefon, berbar pc osb. Det er berre kroppen sin eigen harddisk det er lov å nytte.

Til slutt eit lite spørsmål. Sarah Palin var John Mc Cain sin visepresidentkandidat ved presidentvalet i USA i november 2008. Ho var den andre kvinnelege visepresidentkanditaten ved eit presidentval i USA. Kven var den første? Kven var då presidentkandidat, og kva årstal snakkar vi om. Vinnar vert den som først svarar rett i kommentarfeltet under, og får ikkje anna premie enn å måtte tåle eit lite favorittstempel til Skattejakta 2009.