Med på turen var Ole Rønning, Jon Håndlykken, Enok Leknes, Jens Leknes og underteikna, Laurits Leknes. Dette var lenge før det kom vei til Leknes, den kom først i midten av 50-åra, så for oss frå Leknesa starta turen med robåt til Urke før vi kunne spenne skiene på oss straks framanfor husa "inja om elva".

Opplegget for turen var, så langt å gå fram Langsæterdalen som var den vanlege skituren. Lengda blei gjerne bestemt av ver-og føreforhold. Men såvidt eg kan minnast eller har høyrt om, var det aldri snakk om på den tid å gå på Slogen eller andre tindar same kor fristande tilhøva kunne vere. Litt rart egentleg. For på somrane, derimot var det heilt vanleg med fellesturar til fjells. Slogen og Råna m.a. var populære mål. Men det kan sikkert forståast med utgongspunkt i levekåra til folk flest på landsbygda i 30-åra og deromkring. Det var trange tider, så kjøp av "luksgjenstander"som ski og andre sportsartiklar var nok ikkje det ein i første rekkje brukte pengar på. Løysinga blei ofte å lage sine eigne ski. I alle fall blei det i kjellaren heime laga mange par ski. Av rogn. Sterke, men tunge som bly. Største problemet var at dei ofte blei vindskeive og kunne vere litt ustyrelige i unnabakkane.

I grua heime blei det også "kokt" skismurning, mest vanleg råmateriale var tjøre, stearinlys og kasserte grammofonplater, desse sikkerte brukt som stivningsmiddel. Blandingsforholdet vart bestemt ut i frå kva type smurning ein ville ha. For skare-klisterføre:overvekt tjøre mens det i smurningfor tørrsnø var stearinet som dominerte. Smøringa var god,den.

Men tilbake til turen. Opp dalen fekk vi straks fylgje av Iva og Jon Håndlykken. Iva fulgte oss til Stordalsreset der han slo lag med B.M.Håndlykken som stod der og koste seg i påskesola.

Veret, minnast eg, var heilt topp, stille med sol frå heilt klar himmel og ynskjeføre. Etter ein liten pust i bakken hos B.M. dro vi fem vidare inn dalen. Eg kan ikkje minnast kven som kom med forslaget om å gå på Slogen, men det blei godteke utan vidare med resultat at vi nådde toppen i halv femtida. Dei siste metrane måtte vi krabbe på alle fire. Ellers var oppstigninga heilt udramatisk.

Heimturen skulle vi sjølvsagt gjere unna i ei fei. Men den gang ei. Då vi kom ned i dalen viste det seg at vi hadde fått mildver og våtsnø. Vi måtte meir eller mindre gå heile turen heimat. Først i halv tolv-tida var vi ved båten og kunne ta fatt på siste etappe.

Kyrkjebø,21.04.09.

Laurits Leknes