Terje Devold henvende seg i går til hjorundfjord.no og kunne fortelje at dei vil satse stort på Hjørundfjorden i komande sesong også. I går 1.april  publiserte vi vår nye internettside for våre Sommerruter, der du sjølvsagt også kan finne årets Sommerrute for Hjørundfjorden, fortel Devold.

Under den nye internettsida - www.fjord-magic.com finn ein god informasjon og alle sommartilboda til 62°NORD AS.


-Ruteplanen er sett opp slik at du kan ta et ”lunchcruise” fra Ålesund til Hotel Union Øye med avreise 10:00 og være tilbake i Ålesund 14:30, eventuelt ein full dag på Øye med avreise 20:30 fra Øye, fortel Devold.


Nytt av året er;

-        Sesongen utvidast og ruten går no frå 1. juni til 31. august

-        Det blir to daglige tur-returar med følgjande oppsett;

-        Frå Ålesund kl. 10:00 – retur frå Øye kl. 13:00 (båten ligg på Øye i 1 ½ time) – til Ålesund 14:30

-        Frå Ålesund 18:00 – retur frå Øye 20:30 – til Ålesund 22:00

-        Billettar kan bestillast og betalast på internett med garantert plass (frå og med 1.april!)


Ved Dampskipkaia

Passasjerar går ombord på MS/ Fjord Ålesund på Sæbø 27 juni 08. "Hamnefogden" er på plass. Foto Sondre Mo.


Dei fyrste to-tre vekene i juni blir M/S Legona benytta (23 passasjerer), og deretter hovudsakelig M/S Fjord Ålesund (97 passasjerer). Når M/S Fjord Ålesund er oppteken med andre oppgåver (charter, Onaturer etc) benytter vi M/S Nordic Sky (50 passasjerer). Det er mulig vi benytter M/S Legona dei siste 10-15 dagene i august, men det beslutter vi når vi ser korleis trafikkutviklinga er, seier Devold.


Alle opplysninger finn du på www.fjord-magic.com under Hjørundfjordcruise og med detaljert tidstabell og priser på:

http://www.fjord-magic.com//default.aspx?menu=55

I tilegg til internett sida vil vi i april/mai distribuere ut informasjon til (forhåpentligvis) alle som bor ved Hjørundfjorden, i tillegg til annonsering i Sunnmørsposten og lignende utover i juni-juli, avsluttar Devold.