Det første eg registrerte var at før ein slepp inn i landet blir ein godt kontrollert om ein har med organisk matreale, mat, frø el.l. Og om ein hadde med hikingshoos.  Så før eg kom inn så vart joggeskona desinfiserte under!

På veg ut av flyplassen stod folderane i eit strot stativ, med oversikter, kart og forslag til aktiviteter. Ein del av bøkene hadde rabattkuponga i midten, slik at ein fekk 10 – 20 % på fleire aktivitetar. Og ein såg at landet satsar sterkt på turisme. Fine foldera, godt med skilting, og veldig sørvisminded folk over alt. Hello love, how are your day? How is your morning? Det var standard spørsmål i alle butikka, kontor og lignende.

Alt var veldig tilrettelagt for aktivitetar alle stadar. Som eit eksempel tenkte eg å bruke turen eg hadde mot eit av landets største fossefall, Wairere Falls.

Slike brune skilt markerte turistatraksjonar, museum, aktivitetsområder av ulike slag. Slik var vegen mot denne atraksjonen. Fartsgrensa er 100 km.t, og mjuke trafikantar har vikeplikt.

New Zeeland 184 New Zeeland 186

New Zeeland 138New Zeeland 132

Dette var merkinga av strartpunktet – skilting ved parkeringsplassen. Velkommen, tidsbruk, at området er overvåka, det store grøne skiltet er informasjon om prosjektet med bevaring av området, Det er forbod mot å bruke eld, og jammen var der en advarsel om atområdet var sprøyta med curasitt og. Den ”slusa” er for å hindre folk i å bruke motorkjøretøy på stien. Der var mange små traktorar som kjørte ganske så fort der borte, og lett kunne nyttast for å korte ned fjellturar og.

New Zeeland 159New Zeeland 141
 Midt oppe i råsa var det eit orienteringsskilt, og råsa var også merka med gule trekanta spikra inni treda.

New Zeeland 144New Zeeland 142
Et stykke opp i løypa var det godt merka toalettfacilitetar. 2 roms sådanne. Og ein del ting er rimelig likt same kvar ein er i verda….

New Zeeland 140New Zeeland 160

Råsa var fine, ein del stadar noko bratt og det var laga trapp med staur – og den var innepakka i hønsenetting.

 

New Zeeland 148        New Zeeland 149

Denne flotte brua er eit eksempel på byggverka som gjorde passering av elver eller vanskelege område til ein lett sak. Legg merke til nettingen på brua – sikkerhetstenkinga var der heile tida.

New Zeeland 171New Zeeland 182
Det var noko bratt der og. Dette byggverket var ei trapp med fleire avsatsar. Og som de ser, bratt. Ikkje bære bære for ei med høgdeskrekk… Legg merke til nettngen også her.  Som de ser er det tett urskog ved siden av råsa.

New Zeeland 179

Og dette er fossen sett frå utkikspunktet.

Vi var og på walkaround langs ei elv. Det spesielle med den elva var at den er så rein at ein kan sjå elvebotnen.  Ikkje forsto eg kva som var så spesielt med det, men så såg eg ned i elv rett ved basen, som for øvrig heiter Krystal Springs. Det var ikkje råd å sjå botnen i det skitvatnet nei…. Så då forstod eg kvifor ei rein elv var ein turistatraksjon. Langs elva var det opparbeidd gangveg / sti. Det gikk ikkje å bruke barnevogn der.

New Zeeland 259New Zeeland 276
Her er stien i starten (den vart smalare etter eit lite stykke), pent befolket av lille Naomi Aarskog, og den reine elva. 

Dette var litt fra New Zeeland. Men det kunne like godt ha vore frå Hjørundfjorden. Bondalselva er då så rein at ein kan sjå botnen, og rampa er så flott at ein utan problem kan nytte barnevogn der.

Wairere Falls var fint, men Tussafossen er då ikkje noko mindre spektakulær.

Kvifor denne artikkelen? Jau for å få folk til å tenke litt. Korleis få folk til å kome til Hjørundfjorden, stoppe og ha glede av eit opphald der?  Det blir ein ny artikkel.