mot Godøy 2

Jentene spelte til tider god handball og ikkje minst ein underhaldande handballkamp.

Vi ser Malene, Sunniva, Liv Grete, Sara, Rebekka og Torill. 

Dette var siste kamp i serien denne sesongen og sidan alt var avgjordt på forhand spelte vi ikkje om anna enn æra..
Kampen starta med overtak til Godøy der Sæbø/Åmdal ikkje fekk forsvaret til å fungere og mange skot rett på målvakta eller utanfor.
Kampen var prega av tidvis høgt tempo og dette må vi nok trene bedre på til neste sesong.

 mot godøy 1

Malene vart toppskorar også i danne kampen  med 11 mål!

mot Godøy 3

Else Marie blir heldt att etter handa av sterke Godøyspelarar,

mot Godøy 5

men er snart i farta att..

mot Godøy 7

I angrep igjen: Malene, Liv Grete, Else Marie og Anette.


Etterkvart som jentene fekk spelet til å fungere vart det ein jamn og spennande kamp. Godøy var eit lag med meir rutine og dei har bere tapt ein kamp denne sesongen så dei var kun ute etter siger..
Etter at vi leia med tre mål fem minutt før slutt vart jentene tydeleg stressa og hadde nokre unødvendige feilpasningar. Godøy tok innpå og då det stod att 15 sekund fekk Godøy inn siste målet sitt og resultatet vart 20-20.
Etter ein fint gjennomført kamp kunne begge laga juble etter poengdeling og æra i behold!

Anette Mork (1), Elisabeth Melle (1), Sunniva Aarseth, Sara Årseth, Karoline Stokke (2), Liv Grete Stokke (1), Else Marie Stokke (3), Malene Aambakk (11), Torill Haugen Øye (1), Kimberly Colclough, Aina Opsal Bakke, Tiril Holen, Rebekka Stokke og Amalie Lied.

Tabellen ser slik ut og som vi ser er vi også her det laget som har skora flest mål og har yngste spelarstallen!

1. Godøy 12 10 1 1 291 - 201 21
2. Sæbø/Åmdal 12 8 2 2 336 - 285 18
3. Stranda 12 6 1 5 278 - 251 13
4. Valder 12 5 2 5 283 - 245 12
5. Haram 12 5 1 6 251 - 287 11
6. Blindheim 12 3 1 8 236 - 280 7
7. Sykkylven 2 12 1 0 11 193 - 319 2