Sunnmøre Festivalkor  deltok sist sommar på sin tredje  internasjonale korfestival i Tartu i Estland. Der var det ein stor  Norisk Baltiske korfestival  som samla nærare tre tusen songarar frå alle dei nordisk/baltiske landa. Året før deltok koret på ein  europeisk korfestival  i Cork i Irland, etter at det  nystarta koret,  året før, var i Italia på ein internasjonal korfestival i Rivo del Garda.

Som namnet  ”festivalkor”  tilseier er målsetjinga  med dette reiseglade koret å delta på ulike festivalar. Planane er i full gang for nye  festivalar og nye koropplevingar. Både Krakow og Island står på ønskjelista, opplyser leiaren i koret,  Inger Lise Lystad frå Ørsta.

 Koret, som har medlemer frå  dei fleste kommunane på Sunnmøre, vil presentere noko av det nordisk/ baltiske programmet sitt på ein ettermiddagskonsert i  Hjørundfjord kyrkje søndag 29. mars.

Koret har øvingshelg på Sæbø og avsluttar helga med ein minikonsert i Hjørundfjorden si storkyrkje, som mellom anna er kjend for sin gode akustikk.


Sunnmøre Festivalkor

Her ser vi Sunnmøre Festivalkor  framfor den store utescena i Tartu i Estland.. Like før tretusen songarar entra ho og framførte fellesnummer frå alle dei nordisk/baltiske landa. (august 2008)

Lystad  legg til at det ein svært triveleg gjeng som møtest ein gong i månaden rundt om på Sunnmøre, med høg humorfaktor og  stor musikalsk innsatsvilje.  Dersom nokon skulle  ønskje å bli med i dette spesielle koret,  heiter dirigenten  Svein Eiksund  og bur i Ulsteinvik  - opplyser ho.

 Kjernerepertoaret er prega av  nasjonalt stoff  -  med komponistar som Grieg,  Nystedt,  Hovland, Sommerro,  Grimstad,  Kleive og fleire.  Men også   folketonar og   meir internasjonal  kormusikk står på programmet.    - Det har vore spesielt å vere med på å framføre noko av det norske repertoaret i  ulike europeiske katedralar. Gåsehudfaktoren har fleire gongar vore høg, legg ho til.


Songkoret og Hjørundfjord kyrkje ynskjer alle hjarteleg velkomne Søndag 29.mars kl. 16.30


Inngongsbiletten er kr.100,-