Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Sjølv om dette grensefjellet mellom Volda/Austefjorden og Ørsta/Vatne/Bjørdalen ligg godt synleg nærast for seg sjølv, er det likevel lett å oversjå. Det er gjerne Saudehornet, Vassdalstinden og t.d. Storetinden som tek det meste av merksemda, men tek du deg tid til ein topptur på Snøhornet vil du få ei flott nedkøyring anten du tek turen ned til Årsetsetra i Austefjorden eller finn deg eit eller anna gjel/renne.

Det er fleire ruter til toppen av Snøhornet, men den enklaste skal vere frå Årset i Austefjorden-  Eg valde denne ruta.  Det kan vere vanskeleg å finne fram, difor er det klokt å ta med seg boka "Skiturar i Sunnmørsalpane" av Standal/Hagen.  Eg brukar her litt tid på nokre detaljar - av erfaring veit eg no at det er lett å gå feil.

Kjem du frå Ørsta/Volda/Hunnes, køyr til vestenden av Årset-tunnelen, ta av til høgre frå rv. 651, køyr etter denne gamlevegen til det vert nedoverbakke, ta så av ein smal veg til venstre og køyr nokre titals meter til du møter eit gammalt hus - gamleskulen.  Her kan du parkere eg og du finn også eit skilt - Årset- og Austadsetra - som peikar ut vegen du skal gå.  Du skal etter kvart nå Årsetsetra.

IMGP9404 kopi

Ikkje snø heilt ned denne dagen så skina vert festa til sekken.  Bak ryggen min kan du skimte det nemnde skiltet.

Du går ikkje lenge etter denne råsa før du treff ein traktorveg (jfr. den aktuelle boka).  Gå så vidare etter traktorvegen, over tunnellen og vidare oppover vegen, men ikkje heilt til endes slik boka seier.  Det er godt mogleg at denne vegen har blitt litt lenger i det siste, men der du møter ei lita elv som renn gjennom vegen i eit metallrør, tek du oppover til venstre.  Er det fritt for snø, treff du her ei bratt, men ikkje så verst rås som går bratt oppover, gjennom furuskogen.  Det står også eit lite skilt før denne aktuelle staden.  Eg veit ikkje, men kanskje treff du den same råsa om du går der skiltet peikar?.  (Kvifor ikkje setje opp skikkelege rotfaste skilt med ei viss høgde?)

IMGP9444 (Large) IMGP9446 (Large)

Ved foto til venstre - ved eit metallrør der elva renn gjennom vegen - tek du av til venstre frå skogsvegen, evt ved eit ikkje rotfast skilt(t.h.) like før?

Eg gjorde som fleire hjortar - gjekk heilt til endes på skogsvegen og vidare etter det som såg ut som ei rås.  Dermed vasa eg meg opp i ei ur av svært stor stein, men kom meg etter kvart oppover sjølv om det føltes meir som klippeklatring - er det buldring det heiter?

Den aktuelle råsa oppover er, som boka nemner, ikkje lett å finne, men du skal gå i eit søkk i terrenget til venstre-/vest for denne storsteinura som eg nemner over.

IMGP9406 kopi IMGP9407 kopi

På foto til venste baksar eg meg oppover ura, men likevel var dette ein flott etappe.  Det var her ikkje vinter og snø som var dominerande, men vårstemning og vakker utsikt.

Etter at du har slete deg oppover råsa til 360 m.o.h. skal du møte Lissjesetra og her to av dei eldste bygningane i Volda.  Eg bomma sjølvsagt på sela, men eg er litt lei meg for at eg ikkje fekk sjå dei (bomma også på nedturen).  Og ikkje minst er eg lei meg på vegner av tante Valborg (Hustadnes).  Ho har no gitt ut to bøker om alle setrane i heile Volda og ho kan det meste.  Her og no lovar eg at eg skal gå opp dit om ikkje lenge.

Denne dagen var det nesten snøfritt heilt opp til råsa der ein tek til å gå austover (ved Lissjesetra).  Gå så til du møter den første elva.  Her gjekk eg oppover sjølv om det kanskje er klokast å gå austover eitn bit til. (jfr. boka).  Nokre høgdemeter var det litt tett skog og ikkje heilt lett å gå, men ein gjer mykje for å spare meter.

IMGP9409 kopi

Litt berg og liten bjørkeskog, men det gjekk greitt å kome seg opp på vestsida av elva - opp til Årsetsetra.  Toppen av Snøhornet i bakgrunnen.

Årsetsetra(Høgesetra) ligg for seg sjølv over skoggrensa på 550 m.o.h.  På det som vert kalla Knuteselet var det oppsett ei postboks.  Eg tvilar på om det er regulær postrute hit opp sjølv om dette også må vere Knut Arne Aarseth, journalist i Sunnmørsposten -  si seter.  Likevel, eg prøvde i alle fall å skrive namnet mitt her, (for å imponere tante Valborg) men det var inga bok i boksa.

IMGP9414 kopi

Årsetsetra (Høgesetra).  Vi kan skimte ei postboks på selet lengst borte.  Og her startar den skikkelege skituren opp mot Snøhornet.

IMGP9416 kopi

Flott skiterreng oppover frå Årsetsetra.

Som du ser av fotoa over er det eit flott skiterreng oppover frå Årsetsetra.  Ikkje er her så bratt heller - kan det vere over 30 grader i toppområdet? 

Snøhornet kopi 

Her er ruta eg gjekk opp - og for det meste rann ned - innteikna med raudt.  Fantastisk skiterreng.  Arkivfoto: Fred Ingar Somby frå Blåfjellsegga.

Eg hadde nok venta at eg skulle kome opp i laussnø/nysnø, men igjen hadde vinden vore - og var - ute.  Sjølv om det sikkert var 8-9 plussgrader nede ved sjøen var det nok minusgrader over ca. 1000 meter.  Snøen var tørr, men stort sett hardpakka av vêr og vind.  Sola hadde også varma så pass godt at det var skorpesnø i midtpartiet.  Likevel, hit vil eg attende til når snøforholda er betre.  Eg veit kor kjekt det var nedover i går - torsdag - og då kan eg tenkje meg korleis det må vere under laglegare snøtilhøve.

Det var kaldt og vindfullt på toppen, men etter at ei god og varm jakke kom på var det tid for litt fotografering.  Eg startar med eit mobilfoto av meg sjølv for å syne at eg kom opp :).

Snøhornet 002

Her ser ein nedover Bondalen.

IMGP9427 kopi

Litt kjøleg og vindfullt, men flott lys.  Bak til høgre ser vi toppvarden.

IMGP9431 kopi IMGP9435 kopi

Volda til venstre, Ørsta til høgre.

IMGP9422 kopi

To av Ørsta sine mest stolte fjell - Saudehornet til venstre, Vassdalstinden til høgre.

IMGP9433 kopi IMGP9432 kopi

Bondalen til venstre, Austefjorden til høgre.

Denne artikkelen skulle sjølvsagt mest handle om topptur på ski, men det vart mykje anna.  Likevel, nøl ikkje med å ta denne turen - som de ser av eit par andre foto er nedkøyringa flott.  Eg må likevel nemne at det visstnok skal ha gått eit skred i sida opp til Saudehornet omtrent mens eg var på toppen av Snøhornet.  Det undra meg at det gjorde det for som nemnt var det hardpakka snø der eg gjekk, men kanskje var det lagdelt... I alle høve, sida opp til Saudehornet er nok opptil 10 grader brattare enn sida opp mot Snøhornet. Både skredtrygt og kjekt?  Valet må verte Snøhornet.

Eg skulle sjølvsagt hatt med meg ein flink telemarkkøyrar som fotoobjekt - ned frå toppområdet hadde ein også fått sett Austefjorden langt der nede...  Men slike foto får kome neste gang.  (Køyrefoto av underteikna med sjølvutløysar er ikkje det same) Eg tek med eit anna foto som rein erstatning.

IMGP9441 kopi