Åmdal/Sæbø - Langevåg/Fiskarstrand:

Første kampen var kl. 13.00 der Åmdal/Sæbø J16 møtte Langevåg/Fiskarstrand. Kampen bar preg av at jentene ikkje ville nok og spelet fungerte ikkje.
Første omgang var rotete med lite spel og dårlege pasningar.
Forsvaret kunne også vore bedre..
Pauseresultatet var 13 - 9 og leiing men dei kan mykje bedre!
Andre omgang vart litt bedre i periodar men spelet som desse jentene kan vart aldri vist!
Sluttresultatet vart 24 -21 og siger etter ein heller tam kamp.

mot langfisk 2

Med på kampen var:
Monica Krøvel, Rebekka Stokke, Hanne Stokke (1), Tiril Holen (2), Malene Aambakk (9), Karen Ose Lid (1), Else Marie Stokke (7), Nina Hustad (3), Kathrine Brekke (1), Ingeborg Aam og Kristina Y. Hovdenakk.

Hovdebygda/Åmdal/Sæbø - Langevåg:

Elen Maria Holen ( 5 mål) og Silje Riise representerar Sæbø på dette laget. Jentene låg litt bakpå i første omgang men tok seg innatt i andre omgang med til tider godt spel.

J14 1

Elen skorar mål!

J14 2

Elen og Silje, Sæbø sine spelarar på J14.

Jentene låg under 4- 9 til pause og måtte sjå seg slått 15- 19 etter ein spennande kamp!

J18/K04 Sæbø/Åmdal - Sykkylven 2:

Denne kampen vart aldri spennande til det var Sæbø/Åmdal alfor overlegne! Sykkylven hang med første halvdel av første omgang men så måtte dei sleppe taket.
Etter halvspelt kamp var pauseresultatet 12- 6 og Sykkylvsjentene var tydeleg gåen..

 mot Sykkylven 1

Liv Grete i kamp om ballen som ho hadde først..

Sunniva

Sunniva!

mot Sykkylven 2

Torill skorar.

Andre omgang var ein oppvisningsomgang for Sæbø/Åmdal. Jentene leika seg gjenom omgangen og sette 21 ballar i nettet, og det kunne vore fleire..

Rebekka

Rebekka storspelte nok ein kamp i mål med 32 redningar og er for tida i kjempeform!

mot Sykkylven 4

Kjempegode, også i forsvar! Sunniva, Liv Grete, Sara, Kimberly, Torill og Rebekka!

mot Sykkylven 6

Time-out og gode råd frå trenar Roger! Stillinga er 29- 9 og 8,5 minutt att å spele.

Etter ein flott gjennomført kamp kunne jentene juble over siger 33 - 11 !!!

Desse var med mot Sykkylven:
Rebekka Stokke, Monica Krøve, Liv Grete Stokke (4), Tiril Holen (1), Malene Aambakk (6),  Torill haugen Øye (5), Anette Mork (6), Sara Årseth (2), Else Marie Stokke (5), Elisabeth Melle, Karoline Stokke (2), Kimberly Colclough, Elisabeth Brekke og Sunniva Aarseth (2).