For over tre år sidan hadde vi eit folkemøte på Bondalen grendahus der folk frå store delar av Hjørundfjorden var samla. Det var snakk om eit par tre hundere menneske. Møte kravde at ei bygdeutvikling måtte til og bygdedyret måtte avlivast. Underteikna vart utnemnd som leiar. I mandatet mitt fekk eg til oppdrag å sette saman ei styringsgruppe som var representativ frå heile fjorden. Styret i Hjørundfjord bondelag fekk som oppgåve å godkjenne samansetninga i henhold til geografi, yrke og kjønnskvotering sidan det var MR.fylket/Landbruksdep. som gav midlane til bygdemobiliseringa. Eit år seinare kom Bjørke inn med tre representantar. Dei andre bygdene har vi ikkje lukkast å få med folk i styret.

Styringsgruppa har mandat til å arbeide med bygdeutvikling i Hjørundfjorden av folkemøte den 1.02.06. Mandatet varigheit er til 1.07.09, eller til eit nytt folkemøte bestemmer noko anna.

Opningsmøte 1.2.06 -1
Folkemøte på Bondalen grendahus 1.02.06


Sæbø sentrum har vore ei hovudoppgåve.

Bygdemobiliseringa sine arbeidsgrupper har hatt mange arbeidsoppgåver og det er nedlagt fleire tusen arbeidstimar. Det store prosjektet som har tekje altfor mykje tid for oss, er utviklinga av Sæbø sentrum. Her har arbeidsgruppa fått tak i midlar og bidrege med utfylling og utviding av kommunale eigedom på Sæbø, i samband med utgravinga av hamna på Hustad. HB la til rette og gjekk inn med økonomisk midlar for å hjelpe grunneigarane å verte kvitt overskytande masse.

Lisjeelva mot Stokkehuset Skyssbåtkaia og fyllinga nedom Stormøllen
Lisje-elva sept.06 mot Stokkehuset Området nedom Stormøllen og den gamle Skyssbåtkai sept.06

Det er dette nye "landet" på Sæbø, kritikken går mot HB for at vi har meiningar om korleis det skal nyttast. Her har vi fått midlar som vi er forplikta til nytte til dette formålet som næring-  og tettstadsutvikling, og kan ikkje berre gå inn for ei omdisponering. Arbeidet som har vore gjort har vore meir enn å skaffe Sæbø ei ny fergekai som ein kan køyre fortast mogeleg til og frå. Det har heile tida handla om korleis vi skal få bruke det knappe arealet på Sæbø til å skaffe nye arbeidsplassar og trivsel slik vi får busetning og den eksisterande handel og overnatting kan verte styrka. For å spare areal har vi ynkst at vegen vert liggande der den er i dag, rundt Slettdalshjørnet. Vi har heile tida ellers arbeidd ut frå den gjeldande reguleringsplan med ferjekaia i Sandvika og ikkje fått noko direkte protest om noko anna frå fastbuande på Sæbø.

Eit overordna mål har heile tida vore:

 

·                     Utvikle eit livskraftige lokalsamfunn der folk trivast og ungdom finn ei attraktiv framtid. Ikkje minst skal vi skape interesse for entreprenørskap og nyetableringar på bygdene.

 

Ca. 20 menneske med Styringsgruppa(11) har brukt arbeidstid og fritid for å arbeide for eit betre Sæbø og at bygda skal ta grep om eiga utvikling. Dette har vore i nær dialog og møtevirksomheit ilag med Sæbø Grendalag.
IMG_4395

Utfyllinga er no ferdig og repr. frå Sæbøgruppa, Sæbø grendalag er her på synfaring 07.06.07

 

Fortjener HB denne kritikken som no er komen?

Som ein beskrivelse på arbeidet og standpunktet vårt har det vorte brukt ord som "steikjandes sjølvgode" og mistenkeleggjering av målet til HB osv. Ein må då lure på kvar er folkeskikken i dette? Desse personane som har jobba med å skaffe midlar og å skrive brev til det offentlege, fortjener respekt og ei betre behandling av folk. Dette er personar som ikkje har personleg vinning i Sæbø, men brenn for at vi skal få ei positiv folketalsutvikling i Hjørundfjorden. Sæbø er viktigt for heile fjorden er signala vi får frå grendalaga rundt fjorden. Eit tankekors er at HB har skaffa Hjørundfjorden ein heilt spesiell kommunikasjonskanal gjennom portalen, som nettopp var meint til samhandling og dialog, men no virkar mot sin hensikt. Ein ser også at kritikarane er folk som ikkje har vore villige i å delta i bygdemobiliseringa, men kjem på bana no når det er kanskje råd å få til noko, for å ivareta sine private interesse.

 

Kom på bana de unge og ta styringa!

Til de to unge, Alexander og Magne som etterlyser i kommentar at ungdommen må bestemme, så var det eit positivt signal vi har venta på. Det er heilt klart at de er dokke unge som skal ha ei sterk og god hand på roret når framtida til Sæbø skal avgjerast. Og å legge område mellom Sjukeheimen og Sæbø sentrum i asfalt er, etter HB sitt syn, uheldigt for uviklinga av Sæbø og her er det viktigt at alle forstår kva det betyr. Etter slik vi forstår det no, så er plasseringa av ferjekaia avgjort og trekt lenger mot Sæbø og den blir snudd mot Lekneset, og dermed ligg propellvatnet omlag der det er i dag. Dette vil gje ei betring i dagens forhold til Sandvika og badestranda. Ferja vil også kome inn mot kaia frå ei annan retning.

At vi skal bevare bebyggelsen i Sandvika er det vel ingen som har noko i mot, men vi kan ikkje sjå at dette skulle ha noko vesentleg betydning for ei plassering av ny kai. Om Willehuset vert regulert vekk er ei sak som må takast når vegen til Sæbøneset skal fullførast og trafikken har ikkje noko med ny kai å gjere, men trafrikkutviklinga frå/til Sæbøneset og Flatneset. Ei plassering av ferjekaia utover i Sandvika vil også styrke bakeriet og moglegheita for å få til næringsvirksomheit i lokala i bankbygget.

Når det gjeld plasseringa av vegen rundt Slettdalshjørnet eller nedom med Sjukeheimen, vert det ikkje avgjort før Vegvesenet og Ørsta kommune har lagt dette fram og behandla det som ei reguleringsendring. Saksgangen her veit ikkje kommuna og svare på no, før Vegvesenet har sagt sitt, men folk skal høyrast og vil få orientering har Vegvesenet lova. Ein kan då lure på kva som er hensikta med å heile tida framheve at Bautaen og Prestehagen vert øydelagt. Dette er etter vårt syn ein hersketeknikk og ei kynisk måte å manipulere følelsane til folk. Når ein vegprofil er klar vil alle være godt orientert over konsekvensane før det vert vedteke på kommunalt nivå. HB vil på det sterkaste ta oppatt at vi ikkje ynskjer noko flytting av Bautaen. Dette var innteikna på visjonen vår for å lage ein konstruktiv debatt, men når vi forstod kva det betydde for folk, så trekte vi det tilbake.

Kommuna og HB har brukt mykje tid på å få fram den lova profilen som skal teiknast av Vegsenet sin planleggjar, men den er endå ikkje komen. HB har ikkje tekje stilling til om vegen skal være her eller der før vi få sjå konsekvensane, men for å spare på Lisje-elva og område der, så er fyrste ynskje frå oss ei løysning rundt S.hjørnet. Skulle vegen verte lagt nedom, så må vegen flyttast slik parkeringsplassane vert sparde mest mogleg ved Sjukeheimen. Dette skulle ein tru var noko alle ynskte! Ingen kunne vel vente at HB skulle snu rundt og legge alle planer tilsides når det brått vart nemnd at ferjekaia skulle leggast på Øyrane? Dette er tre års viktigt arbeid for HB i sentrumsutviklinga. Men kvar vegen skal ligge er noko som vert avgjort etter HB si tid og det står att å sjå kva kommuna vel å gjere.

Etter underskriftskampanje og kraftig kritikk mot HB frå Sæbø, og påstandar om at Bygdemobiliseringa har fleirtalet imot seg, vil nok føre til at aktiviteten frå oss vert sterkt redusert. I samtale med Teknisk sjef i Ø. kommune sist fredag, må nok alt arbeid med Lisje-elva og ferdiggjering på Sæbøsida leggast stilt, til plasseringa av riksvegen er bestemt. HB vil då konsentrere slutt-arbeidet og midlar tenkt til Sæbø, fram til slutt 1.07.09, om parken nedom Sjukeheimen, dersom Sæbø ynskjer det?

Med Hjørundfjord Bygdemobilisering forsvinn eit kontaktorgan som har opparbeidd seg ein solid kompetanse.

I desse tider når tiltakspakken vert utdelt av Staten, ville HB være eit solid kontaktorgan for å skaffe midlar til Sæbø og Hjørundfjorden. Møre og Romsdal fylke og Mat og Landbruksdepertamentet er vår øverste støtte når det gjeld utvikling av bygdenorge. Eit grendalag vil ikkje ha same kontaktnettet ved bygdeutvikling og ei ny bygdemobilisering vert ikkje aktuell på lang tid framover, er beskjeden vi får frå fylket.

IMG_4402
Den nye skyssbåtkaia har vorte til stor nytte for bygda, og om sommaren ligg der ofte to skyssbåtar
. Dato 07.06.07

HB beklager den utviklinga arbeidet på Sæbø har teke og samtidig beklager vi over for andre bygder i Hjørundfjorden at vi har brukt opp tida vår til sentrumsutvikling på Sæbø på bekostning av andre viktige tiltak.

 

Men framtida ligg i ungdommen og vi vil på det sterkaste kome med ein apell:

Ungdommar- Overlat ikkje dette til dei over "60" og feriefolk å få bestemme dette viktige valet! Det handlar om Sæbø skal verte ein tettstad med liv og røre eller i motsett fall kan det verte eit asfaltbelagd ferjeleie.

 

Er det behov for eit ungdomsmøte der vi diskuterer dette, så ta kontakt. De sjølve bestemmer aldersgrupper og kva som skal til. Vi held hus og noko attåt. Vi kan gjerne stiller med nokon frå kommuna.

 

Dei som ynskjer det er velkomne å delta i bygdemobiliseringsarbeidet og Sæbøgruppa treng nye folk. HB vert sentrale når Landbruksminister Brekk kjem på besøk til Hjørundfjorddagane. Ei ungdommeleg avslutning på bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden ville være fint å kunne vise fram til statsråden og hans fylgje!

 

Vi ser fram til å ta med  Statsråd Brekk til Rise og vise fram ein av dei to store og effektive fellesfjøsane som bygda har fått det siste året.

 

 

Ivar Svein Mo – leiar