Kl. 11.00 er det mannskapskifte på Sæbø, Idag, 28.03.2009 var det skift 1 og skift 3 som bytta. Her har ein 10 minutt på å gjere seg klar før ferja set kursen mot Leknes. Idag var det stille og rolig, berre 2 bilar skulle over til Lekneset, så for Svein Åmås gjekk det fort å ta billettar. Vi gjekk  frå Sæbø kl. 11.10, eg tok meg då ein tur ned i messa for å ta meg ein liten ferjeprat..

 

01 Sæbø web
Eiksund ligg på Sæbø klar for avgang 11.10.

 

03 Avgng Sæbø 02 Billitering
Så går vi ifrå Sæbø. Svein Åmås billeterer biler ombord Eiksund.

På Leknes hadde vi "Skår-pausa", der ligg ferja i 40 minutt før ho går til Skår med posten, og eg gjekk og tok nokre bilde, samtidig som eg gjekk meg ein tur i fjøra. Etterpå tok eg meg ein tur ned i maskina for å sjå kva maskinist Ingvar Kristjanson styrte på med

04 Ankommer Leknes 05 På lekneset
Vi kjøme til Lekneset, Frå venstre: Hans Ullaland, Svein Åmås og Anne Thi Håndlykken. Eiksund ligg og slappar av i "Skår-pausa".
06 På Lekneset 07 Eiksundsett frå fjøra på Leknes
Det var da lite biler til Skår? Eiksund sett ifrå fjøra på Leknes.

 

08 Diskusjon i messa
Hans Ullaland og Svein Åmås kviler ut før dei går til Skår.

Så kl. 11.55 heiv matros Hans Ullaland opp lemmen, og venta på at skipperen skulle legge ifrå kai. Men var der nokon i styrehuset? Svein Åmås kalla opp på walkie-talkien: "Er kapteinen på broen?". Då kom han fram i styrehusvinduet, så la Roy Åmås ferja til babord og sette kurs for Skår.

09 Hans Ullaland  hiver opp lemmen
Matros Hans Ullaland hiv opp lemmen på Leknes.
10 Går i frå Lekneset
Vi går ifrå Lekneset, medan M/S Hjørundfjord suser forbi Lekneset.

Så gjekk vi alle opp i styrehuset, unntatt maskinisten.  Og der gjekk diskusjonen heftig for seg mellom underteikna og Hans Ullaland. Temaet var styrehuset på M/F "Driva", Hans meinte absolutt at "Driva" var bygd med same styrehus som systrene "Ørsta", "Aure", og "Goma". Men eg meinte at ho var bygde med eit anna styrehus enn systrene. Då sa Svein Åmås: "Det ekje vits å protestere veit du!".

11 Skår

12 Ferjekaia på Skår
Den vesle bygda Skår. Ferjekaia på Skår, heilt utruleg at denne kan ta imot ei 50 m lang ferje

På Skår skulle posten leverast. På kaia stod Asbjørn Skår og Gullbjørg Birkeland og venta på ferja, Gullbjørg skulle hente post og Asbjørn skulle til Sæbø.

13 Asbjørn Skår og Gullbjørg Birkeland
På Skår kom Asbjørn Skår, Gullbjørg Birkeland og hunden deira.

Vi gjekk ifrå Skår 12.15 og gjekk til Leknes igjen, der låg vi i ca. 6-7 min før vi gjekk tilbake til Sæbø, her var det 2 bilar som skulle til Sæbø. Vi kom til Sæbø kl. 12.45. Så gjekk vi tilbake til Leknes, der vi hadde ein halvtimes pause.

14 Hans Ullaland ved roret
Matros Hans Ullaland til rors i frå Skår til Lekneset.
15 Går ifrå Sæbø 16 Kjeme til Leknes
Vi går ifrå Sæbø 12.45. Her kjeme vi til Lekneset, der vi skal ha ein halvtimes pause.

Då eg kom ombord ferja kl. 11 sa matrosen til meg at dei skulle ha ei brannøving ombord kl. 13. Så eg måtte vere lengre ombord for at leserane på hjorundfjord.no skal få sjå det kjekke ombord ferja! Vi kom til Lekneset kl. 13.00. Der gjekk matros Hans Ullaland ned på båtdekket og åpna brannskapet og rulla ut brannslangen og kobla opp det som måtte til.

17 Hans Ullaland gjer klar brannslangen
Hans Ullaland har rulla ut brannslangen og gjer seg klar til å koble den opp.

Etterpå kom skipper Roy Åmås ned for å hjelpe til. Etterpå kom både matros Svein Åmås og maskinist Ingvar Kristjanson opp på båtdekket. Der begynte matros Hans Ullaland og teste brannslangen, og spruta skum utfor rekka. Dette her synest eg gjekk raskt og effektivt og synest at Fjord1 MRF har eit svært bra mannskap og raske og effektive sikkerheitsutstyr. Etter dei var ferdige vart brannslangen vaska og lagt tilbake på plass.

18 Pass på skipper! 19 Hans Ullaland skummer over ripa
Pass på no Roy, så du ikkje blir skumma ned! Her spruta det godt ja!
20 Roy Åmas og Hans Ullaland 21 Utstyret blir rydda i sammen
Skipper Roy Åmås og Matros Hans Ullaland.
Her blir brannutstyret rydda i sammen, etter ei velykka øving.

Etter brannøvinga gjekk eg ein tur ut til Leknes Fyr for å kike på fyret. Her har ein  god utsikt til alle kantar av den vakre Hjørundfjorden.

22 Fyrtårnet på Lekneset
Fyrtårnet på Lekneset.

Etterpå gjekk eg tilbake til Eiksund og tok meg ein fjellprat med Hans Ullaland, og om då han var på Galdhøgpiggen og Glittertind.
Vi gjekk ifrå Lekneset kl. 13.30, og sette igjen kurs mot Sæbø, eg gjekk i ned i maskina for å ta meg ein prat med Ingvar. Han synest at Eiksund er ei grei ferje, men Nørvøy var nok best. Han håpar virkelig ikkje at Tide kjem inn her ved anbodet som trer i kraft 01.01.2012.

23 Eiksund på Lekneset 24 Ombord Eiksund på vei til Sæbø
Eiksund ligg på Lekneset og nyt dei siste minutta av halvtimes lange pausa. Om bord Eiksund under overfarta frå Leknes til Sæbø.

Vi kom til Sæbø 13.45, då gjekk eg av for denne gongen. Det er jo veldig kjekt å vere ombord Hjørundfjordferja, saman med det hyggelige mannskapet! Eg vil takke for den hyggelige turen og tek meg snart ein tur til ombord att!

25 Eiksund går ifrå Sæbø
Eiksund går i frå Sæbø, deretter går ho til Leknes og så kjem ho tilbake. Etter det set ho kurs mot Trandal og Standal.