Redningsaksjonar

Om ein vert råka av ei ulukke, anten det er til fjells, på sjøen eller ved andre aktivitetar utanfor allfarveg så kan Røde Kors Hjelpekorps alltid stille opp.

 

I 2008 var hjelpekorpsa i Møre og Romsdal involvert i nærare 60 redningsaksjonar, av desse var det 5 større leite-/redningsaksjonar i Ørsta. Tidlegare år har det vore omlag 40 aksjonar per år i Møre og Romsdal.

 

Aktiv fritid

Som medlem i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps får du også ta del i alle dei aktivitetane hjelpekorpset har å tilby. I tillegg til faste møtekveldar er hjelpekorpset sine største aktivitetar:

-        vakthald på Ørsta Skisenter.

-        sanitetsvakter på diverse arrangement i kommunen

-        drift og utrykkning til tryggleiksalarmane i Ørsta kommune.

-        lokale, regionale og nasjonale kurs

-        skredgruppa

 Redning barmark

Sosialt, kjekt og lærerikt

Som ny medlem i hjelpekorpset får du grundig opplæring i førstehjelp, heilt gratis. I tillegg får du opplæring i søkemetodar, friluftsliv, samband, redning og mykje anna. Kurs og øving innan hjelpekorpsaktivitetar er verdifull leiartrening for medlemane.

Sterke røter i Hjørundfjorden

Hjørundfjorden, men den vakre og ville naturen, har ikkje berre positive historier med seg. Tragiske ulykker i ulendt terreng er ein konsekvens av det spektakulære og unike, og i tillegg noko vi dessverre må leve med.

Røde Kors har også sterke røter i Hjørundfjorden på andre måtar. Mange noverande og tidlegare aktive bur eller har budd i Hjørundfjorden, eller har i det minste ei svigermor på rett(!) side av Bondalseidet.

No håper Hjelpekorpset at det kanskje er fleire som vil vere med å hjelpe.

Det er kjekt og lærerikt å vere ein del av hjelpekorpset! Bli med du også!

monika bernt arve

 

Ved spørsmål, ta kontakt med korpsleiar Odd Jarle Øye 908 95 858, eller operativ leiar Monika Riise 970 95 090.

Bli medlem: www.rodekors.no/mr/hjelpekorps

Les meir om Ørsta Røde Kors: www.orstarodekors.no

 

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps inviterer alle interesserte velkomen til sine arrangement.

 

Torsdag 05.03. kl.19:00 Røde Kors lokala i Strandgata.

- Førstehjelp på ulykkesstaden Kva gjer vi når vi kjem til ei trafikkulykke. Foredrag ved Ambulansearbeidar Roar Gjerde

 

Laurdag 07.03 kl. 11:00.-15:00 ved Amfi senteret.

- Informasjonsstand og demonstrasjon av redningsutstyr. Møt medlemer frå hjelpekorpset for ein trivelig prat!

 

Søndag 08.03 kl.12:00 – 15:00 Ørsta Skisenter.

 – Vinteraktivitetar for hjelpekorpsinteresserte.Søk og bruk av søkjeutstyr i skred. Pulkkøyring og skadebehandling.m.m.

 

Mandag 09.03 kl. 19:00 – 21:00 Røde Kors lokala i Strandgata.

 - Velkomen til nye medlemer!

(Røde Kors disponerer lokale på Sæbø. I første omgang kan vi diverre ikkje tilby noko undervisning på desse lokala (manglar undervisningskapasitet), men dersom det er stor interesse frå fjorden vil vi sjølvsagt diskutere løysingar og tilbod. Kanskje nokon kan drive eit lite korps på Sæbø igjen?) 

Orsta_hj