Knut er gardbrukar og bur på Årsethaugen på Årset i Bondalen. Han er gift med Jane og på garden har borna Ann-Christin, Karoline og Jakob vakse opp.

Han har ein utruleg energi og uthaldenheit når det gjeld å skrive her med oss på portalen. Vi vil påstå at dei fleste av våre brukarar må kjenne namnet, for han har gledd mange med sine utrulege skildringar frå fjellturar i ord og bilde og ikkje minst nyheitsstoff og interessante artiklar.

Vi andre fastbuande i Ørsta kommune har også fått med jamne mellomrom lese hans innlegg i Møre Nytt, der han ikkje går av vegen for ta ein diskusjon med kven som helst.

Knut og familien er bortreist for dagen i dag, men vi har spora han opp på Rica Hell Hotell i Stjørdalen.

Frå Hjørundfjordportalen vil vi ynskje jubilanten lukke til med dagen, og vi ventar at alderen ikkje har gjort stor skade endå, slik vi fortsatt har ein frisk skribent i mange år framover.

Gratulerer