Lag og organisasjonar som vil ta imot sin Grasrotandel har registrert seg i Brønnøysundregistrene. Dette er ein føresetnad for at du skal kunne gi dei di støtte.

gras

Dersom du vil støtte Sæbø skulekorps, Sæbø I.L., eller Hjørundfjord kulturvernlag er desse laga registrert pr. 1. mars. Bondalen helselag jobbar med saka. Det same gjeld nok for andre lag og organisasjonar på Urke, Øye, Bjørke osv, men dei ansvarlege der får heller legge inn opplysningar om dette i kommentarfeltet.

Du kan berre støtte eit av laga om gongen, men du kan byte på kven du vil støtte. Det vil seie at du kan gi kvart av laga di støtte kvart sitt år, eller kvar sin tredel av året, eller rett og slett bestemme at all di støtte skal gå til eitt lag alltid.

Dersom fleire familiemedlemar har kvar sine spelekort kan det vere ein idé å registrere kvar sin grasrotmottakar dersom familien er medlem i fleire lag.

Er du busett på Lindesnes, eller nær Nordkapp, er det ingen ting i vegen for at du alikevel kan støtte lag i Hjørundfjorden.

Frå Norsk Tipping sine heimesider kan du hente ut ein strekkode som du kan ta med til tippekommisjonæren din. Kvart lag har sin strekkode. Dette gjer det litt lettare å få knytt rett Grasrotmottakar til tippekortet ditt.

www.norsk-tipping.no/grasrotandelen

Du kan og notere/skrive ut og ta med  deg desse organisasjonsnummera:

Sæbø skulekorps 9811 76 278

Sæbø idrettslag   9755 77 643

Hjørundfjord kulturvernlag  988 35 9130

 

Om du taper noko på dette?

           Neida!

           Dersom du vinn i Lotto er heile gevinsten din.

 

Om det vert dyrare for deg å tippe?

           Neida!

           Du betalar det du vanlegvis betalar for å tippe.

           Norsk Tipping reduserer overskotet sitt ved at 5 % av innsatsen din går

           direkte til din grasrotmottakar.

 

Om det vert pengar av dette?

          Ja, det er heilt klart!

          Leverer du ei fast lottorekke kvar veke vil din grasrotmottakar få kr. 130,-

          i løpet av eit år. Ikkje mykje, nei, men dersom 50 stk registrerer seg vil

         det verte kr. 6.500,- pr. år og då hjelper det på for eit lite lag!

Sæbø I.L. har allereie ein saldo på kr. 107,- etter at berre 11 personar har vore og tippa sidan søndag. Og når du registrerer deg no får det tilbakeverkande kraft slik at alt du har tippa for sidan nyttår vert registrert som utrekningsgrunnlag.

På vegne av alle registrerte lag og organisasjonar i Hjørundfjord ber eg om at du som tipper registrerer ein grasrotmottakar slik at sårt trengte kroner kan kome lokale lag og organisasjonar til nytte. 

   Grasrotandelen_logo_RGB