I går (9 mars) spelte Sbø sin første kamp med Emile van Embden som trenar. Kampen gjekk på Ørsta kunstgras mot Åmdal som i år er tippa som ein av dei laga som kan hevde seg godt i 4. divisjon.

I år som før var det store spørsmålet klarer vi å stable på beina eit lag? Framøte på treningane har variert fra over 20-mann til ned i 8 stk. Lenge var det og problemer med å skaffe keeper men dette har no endra seg og i går stilte vi ei 16-manns tropp.d-2Emile gir instruksjonar i pausa.

I første omgang stilte Emile med dei som ligg best an foreløpig til å vere i start 11-aren. Åmdal starta best men det gjekk ikkje lang tid før Sæbø tok over å byrja å presse Åmdalingane. Åmdalingane som stilte med eit forsvar litt opp i åra stilte seg høgt på bana og det gjekk ikkje lang tid før Sæbø angriperane sprang seg gjennom. Svein Ivar Moltu kom åleine med keeper etter ei passning fra Espen Frøland, og han scora sikkert. Dette var Svein sin første kamp for Sæbø.

 Sæbø pressa på og Svein hadde fleire sjansa til å score. 2. målet kom da Svein la ut fra side linja 45-grader til Yngve Frøland som sikkert sette han i mål. Like etterpå heada Jomar Leknes inn eit mål til Åmdal på corner. Like før pause sette Mikkel Riise inn det siste målet i omgangen. Dette var ei perle av det skjeldne slaget. Etter ein corner landa ballen rett utanfor 16-meteren, Mikkel tok ballen på volley og sette han utakbart rett i krysset. Sæbø gjekk til pause med 3-1.

055054Svein Ivar Moltu(t.h) hadde sin første kamp for Sæbø. Kai Arne Skår scora einaste målet i 2. omgang.

I andre omgang var det ein del rokkeringar på laget. Det er som sagt treningskamp så nye posisjonar og lagoppstillingar måtte prøvast.

I andre omgang tok Åmdal over ein del av spelet og pressa på men Sæbø hadde og ein del sjansar. Åmdal hadde litt flaks da eit sleivspar som var meint som innlegg plutseleg skifte retning og gjekk inn. Litt rufsete var det ogso i Sæbø forsvaret då dei andre måla kom inn. Det fjerde og siste målet til Sæbø kom i slutten av omgangen då Yngve Frøland spelte Kai Arne Skår gjennom slik at han kom åleine med keeperen. Han sette ballen sikkert i mål.

Det var mange som spelte ein bra kamp på for Sæbø og dette lover godt for sesongen som kjem. Første seriekamp for A-laget blir i år heime mot Stranda2 1.Mai. Vi håper da at mange kjem å heier på Sæbø!

050Terje Haugen var kampens dommer. Med sitt årvåkne auge og myndige framtoning sette han ei verdig ramme rundt kampen.