EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Sæbø Grendalag

 

Det var svært få som møtte på det ordinære årsmøtet den 2. mars i år.
Ei av dei innkomne sakene til dette møtet var om Grendalaget skal overta utbygginga av Kapteinkvia friluftspark etter at Hjørundfjord Bygdemobilisering si tid er ute (01.07.09).

Det har kome inn ein del midlar til dette prosjektet som må brukast, for å få behalde dei. Hjørundfjord Bygdemobilisering seier i eit skriv at dei ser det som naturleg at anten grendalaget eller idrettslaget tek over prosjektet. Årsmøtet meinte at dette er ei så viktig avgjersle at fleire bør vere med på å drøfte den. Det vert difor kalla inn til eit ekstraordinært årsmøte på


Klubbhuset

Måndag 23. mars 2009 kl. 20

 

Saker:

1) Overtaking av Kapteinkvia friluftspark?

 

- Korleis skal framdrifta vere / pengane nyttast?

- Korleis skal parken fullførast?

 

2) Val

- 2 styremedlemar skal veljast for 2 år

- 1 ungdomsrepresentant skal veljast for 1 år

- 2 varamedlemar skal veljast for 1 år

 

 

På dette møtet vert det òg val av styremedlemar til Sæbø Grendalag. Dette kunne ein ikkje gjere på det ordinære møtet, då valnemnda ikkje hadde lukkast med å få tak i folk til å sitje i styret.

 

Vi håpar mange har høve til å møte.

Sæbø Grendalag