Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Endeleg, ein dag i ei helg med ei god vêrmelding.  Og ikkje berre det - vêrvarselet stemde også

Ronny (Haugen) har masa lenge - tid for Dalegubben no? Ja, det måtte bli Dalegubben no.  Ikkje frå Standal, ikkje frå Holen - nei, startpunktet må skje nærast mogleg havnivået.  Ein skal slite litt for å nå ein klassikar som Dalegubben - eller Miendalstinden som dei store tindepionerane kalla denne toppen rett- og høgt over Sæbø.

Ok, ein kombinasjon av Knut Riise sin traktorveg, litt firhjulstrekk og Odd Erik Hovden gjorde at vi slapp å gå ca. 150 høgdemeter, men det var berre fordi Odd Erik skulle få prøve bilen sin.

IMGP9507 kopi IMGP9510 kopi

Den flotte utsikta oppover mot Dalegubben startar allereie i Knut Riise sitt kulturbeite. 

Litt bering av ski - på ulike måtar -  nokre høgdemeter først, så var det å feste dei til skorna eit lite stykke oppe i fonngjelet til fonna Korsen. Litt sveitting og så måtte det brytast av halvt høgre og ikkje lenge etter var vi Storenakken -toppunktet til "Gunnarråsa".

P3141051

F.v.: Underteikna, Odd Erik Hovden og Olav Haugen.  Utsikta frå Risenakken er flott også ein vintersdag, men som vi ser - det er ikkje mykje snø i år.  Foto:  Ronny Haugen.

Frå Storenakken er det berre å passere eit gjel - Knutegjelet - og så kunne den store oppturen gjennom Skondalen starte.

IMGP9529 kopi

Ronny, fremst, og Odd Erik har starta den store oppturen gjennom Skondalen.  Midt mellom dei ser vi Dalegubben i det fjerne.

Men vent no litt, her gjeld det ikkje å gå for raskt framover.  Ronny har nemleg slett ikkje vore nøgd med kosthaldet vårt på desse skiturane.  Vel har brødskivene vore i ryggsekken, men dei har også vore der når vi har kome ned att til bilen.  I praksis har det blitt ein rask sjokoladebit - eller to - undervegs, litt drikke frå ein uhygenisk plastslange og ikkje noko anna. Dermed har ein gått tom for krefter lenge før toppunktet.  Heller ikkje på toppen har ein orka ei brødskive p.g.a. kulde og vind.

IMGP9520 kopi

Ronny sin matregele nr. 1:  Ei brødskive pr. time. 

Frå og med denne turen vart Ronny sin matregel nr. 1 banka inn - ei brødskive pr. time.  Denne regelen vart gjennomført til punkt og prikke og dermed kom vi alle heilt til topps - i full vigør.  Rett nok gjekk det etter kvart med mange brødskiver, noko som tok tid, noko som igjen gjorde at fleire brødskiver gjekk med, noko som...

Oppover Skondalen var det reine påskestemninga - varmt og godt, ingen vind. Sola gjorde det også slik at det vart ein snø som rausa ned frå den bratte austsida av Skondalen, men elles var det berre godlydar - inklusiv lyden frå ei motorsag langt lengre nede.  Ei ørn passerte også Risebakkane denne dagen.

IMGP9513 kopi

Ikkje eit godt foto, men vi slo fast at dette var ei ørn i solskinet - ikkje ein drake.

Skondalen er ikkje særleg bratt, gjennomsnittshellinga skal vere 25 grader.  I praksis vil det seie ein ypperleg skinedkøyringsdal - om tilhøva er laglege.  Fleire vel å gå opp frå Standalseidet, men turen vert då noko lengre - og heilt sikkert vert utsikta dårlegare.  Løysinga må då verte opp den eine vegen og ned den andre.  Les meir om dette i boka "Skiturar i Sunnmørsalpane" av Standal og Hagen.  Start på side 238.

IMGP9547 kopi

Odd Erik Hovden var for første gong i dette området og likte det han såg.  Den spisse tinden over ryggsekken hans er Lynghalsstinden.  Langt lengre bak ser ein også Slogen.

Som sagt, Skondalen er lang, men ikkje særleg tung å gå oppover.  Når du endeleg kjem opp til skaret mellom Skondalen og Høydalen opnar det seg ei fantastisk utsikt - nærast i alle retningar.  Det var i dette området vi tok av oss skina og gjekk dei siste høgdemeterane opp.  Det er, også som nemnt, diverre ikkje mykje snø i fjellet i år, men rett under toppen møtte vi på nærast ein skavl som tok litt tid å passere.  Isøksene var gode å ha.

Likevel måtte vi alle nærast flire då vi kom opp.  Det synte seg nemleg at fleire andre hadde vore på toppen like før oss, men hadde gått opp frå Standalsida/Nøvedalen.  Hadde vi gått opp litt lengre mot høgre hadde vi i alle høve spart litt tid.

IMGP9554 kopi

Litt snøkunst igjen.  Kva liknar dette på - ei sjøku?

IMGP9555 kopi IMGP9561 kopi

Ein førstegangsfarar i området, som Odd Erik, let seg gjerne imponere over utsikta frå skaret mellom Høydalen og Skondalen. 

IMGP9567 kopi IMGP9570 kopi

Til venstre: Odd Erik på veg opp.  Under han ser vi Høydalen og Hjørundfjorden.  På foto til høgre ser vi at dei siste høgdemeterane vert litt utfordrande for to blad Haugen.  Men dei har i alle høve utsikt mot Sylvkalen og Ålesund om dei vrir hovuda sine mot høgre.

IMGP9572 kopi IMGP9574 kopi

Til venstre:  Odd Erik litt forfjamsa, han også, då han stikk hovudet over kanten og oppdagar at det har vore fleire folk på toppen like før. Men i dag er deet hans tur til å få hendene over hovudet.

IMGP9577 kopi

Litt mørke og triste på farge, men elles ein glad gjeng på toppen av Dalegubben sist laurdag.

IMGP9581 kopi

Utsikta frå Dalegubben er flott - ikkje berre mot fjorden.  Her ser vi m.a. fremste del av Bondalen.

Dette vart ein utruleg flott dag.  På toppen var det vindstilt og fin temperatur.  Det var ikkje snakk om å stresse på for å kome seg raskast mogleg ned att - kanskje ikkje særleg klokt?

Nedkøyringa på ski ned Skondalen skulle vise seg å vert svært problematisk.  Det var såpass kaldt at straks sola var borte frå dalen, fraus det ei svært så trasig skorpe på snøen.  For meg var einaste trøysta at sjølv flinke telemarkkøyrarar som Ronny og Olav sleit.  Etter skispora å døme hadde dei det nok likare dei som ikkje berre kom opp frå Nøvedalen, men også rann ned den vegen.

Likevel, vi angra på ingen måte på turen - sjå Ronny under.

IMGP9594 kopi

Ronny hiv seg utfor og er på veg ned mot Sæbø som vi ser ca. 1300 høgdemeter under.

IMGP9614 kopi

 Her tenkjer nok slett ikkje Ronny på Tippeliga og serieopning - her er det skikøyring som gjeld.

Før eg tek med nokre foto til slutt, må eg nemne ordet skredfare.  I den tidlegare nemnde skiboka kan vi lese om den ruta som vi gjekk, Rise - Skondalen - Daleguben: Rute for absolutte fonntrygge dagar, ...om dei finst?  Her er det berre ein ting å seie; den som går her må vurdere fonnfaren nøye og gjerne snakke med kjentfolk. Eg nemner berre at Skondalen slett ikkje berre er eit velklingande namn på Sæbø og i Bondalen.

Eit lite råd frå den som kjenner området best, Knut Riise: I staden for å gå opp det ofte svært fonnutsette  gjelet - Korsagjelet -  frå der traktorvegen sluttar, gå heller på skrå opp til høgre/nordaustover mot Skondalen.  Du går då gjennom skogen under Storenakken og vidare  inn i Skondalen nest nede.  På denne måten kan du unngå fonnfare frå Korsen og denne vegen er også raskare i følgje Knut Riise.

 Dalegubben 14.3.09 007 IMGP9533 (Large)

På veg opp Korsen.  Foto:  Olav Haugen.  Til høgre:  Olav i litt tung nysnø.

IMGP9536 (Large) IMGP9551 kopi

Det synte seg raskt at forma og tempoet til Odd Erik hadde auka fort - mistenkeleg fort, meinte Ronny.  Han slo fast at eit regelmessig brødskiveinntak hadde positiv verknad, men han snakka likevel om EPO og doping.  Kva med snus - er det doping?

IMGP9546 kopi IMGP9556 (Large) IMGP9557 kopi IMGP9564 kopi

IMGP9583 kopi IMGP9578 kopi

Dalegubben 14.3.09 038 IMGP9619 kopi 

IMGP9611 kopi Dalegubben 14.3

Til slutt eit fjell, eit mål for framtida.  Som vin ser er fjellet Jakta.

IMGP9559 kopi

I bakgrunnen ser vi det stoltle fjellet Jakta.

Og heilt til slutt - dagens Quiz:

IMGP9539 (Large)

Kva heiter toppen i øvre, høgre billedkant?