Har det siste hjørundfjordbrødet gått ut av frysaren?  Fortvil ikkje - førstkomande tirsdag, tirsdag den 31. mars klokka 0930, opnar Strands bakeri på Sæbø - ved ferjekaika - dørene.  Då vil som vanleg Dagfinn (også kalla Daffa) vere bak i kulissene og lage brød og gode kaker, mens Kanutte (også kalla Nutte) som vanleg vil stå i butikken/kafeen og selje godsakene.

IMGP6898 kopi

Frå tirsdag 31. mars klokka 0930 kan Oddvar Olsen og alle vi andre igjen få kjøpe godsaker direkte på bakeriet på Sæbø.

Til hjorundfjord.no seier Nutte og Daffa at alle brøda  og kakene som mange etter kvart  kjenner,  vil vere å få kjøpt.  Aldri ei påske utan skulebollar, wienerbrød, banankake, ørstabrød, hjørundfjordbrød...

Tek ikkje denne skrivaren feil, vil også bakeriet som vanleg selge Timpe - ei berømt ålesundskake som NRK for ei tid sidan påstod berre var å få kjøpt i Ålesund.

Nutte og Daffa ynskjer alle hjarteleg velkomne til ein handel og/eller eit kafebesøk no i påska.