1.Aalesund i 1898.Mannen i midten er Bernt N. Riise  frå Bondalen.Eg trur at dei andre også må vere frå Hjørundfjorden.Er det nokon som veit kven dei andre kan vere ?

............

2.Fra stilen En byrejse 1883  av B.K.Stennes :

..Den var herlig at se til i frastand,men når jeg kom på land.syndtes jeg ikke meget videre om den. Jeg kjøpte mig lidt slikkerie så som Pebermynte o.l. tillige en Katekismusbog.......

...............

3.Mye kommentert replikk av Thora K.Nordvik frå Stennes,søstra til Bernt:

.Ein kan ikkje reise inn i Hjørundfjorda berrhauda som ei skam.(Då måtte ein pynte seg.)

...............

4.Johannes B.Skylstad sonen til B.K.,hilste alltid blidt på ein mann ute på Aspøya.

_Han var den einaste som var på mitt parti då eg måtte slåss med alle gutane i Ganger Rolvs gate, av di buksa mi var nokre centimeter sidare enn det dei brukte i byen.Ho slutta nedom kneet,medan dei hadde kortare.I Norangdalen hadde alle same  skreddar modell,og det var feil i Ålesund.

............

5.Johannes gløymde heller aldri då han  første  gong kjøpte seg ein dyr tomat, som låg og freista i eit butikkvindu.Han smakte ikkje slik han hadde venta seg. Sjokket var så stort at tomaten vart kasta i Brosundet.

...............

6.Festkaka var ordna i byen midt i dei verste krigsåra.På Fjordabåten blei den lagt på ei hylle. Noken flytta på øskja, så trangt som der var. Vel framme på Øye fann Johan ei flatklistra blautkake.Men trur du ikkje den vart ordna på eit vis -og spist kvar rubbel og bit ?

..................

7.Ei forteljing med sprengstoff i seg.

-Nei misann.No må du kome å sjå Johan, ropte gamle Marie til sonen sin som hadde henta henne på Fjordabåten.Ho og den velbrukte brune kofferten.Der var ingen fine svarte kjoler med  små blomemønster på.Kofferten var full av dynamitt.!

Lenger inne i fjorden gjekk ein mann og kaldsveitta då han oppdaga at den gamle kofferten som skulle innhalde sprengstoff  var full av fint sammenbretta dameklede.

Ombytinga  fant stad særs stilt og roleg, men med farta til ei god salve dynamitt .