Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret vil kome og formidle om god nynorsk litteratur. Ho er eit ”fyrverkeri” på området og vil inspirere dykk til å finne gode bøker ilag med borna dykkar.

Ho veit kor høg kvalitet bøkene har, ho veit kva dei handlar om, kven dei passar for, kven som har skrive dei, og ho har nokre knep på lur for å skape gode leseopplevingar knytt til desse bøkene.

Vi vonar at flest mogeleg har høve til å kome, anten du har born i barnehage, skule eller står på trappene til å få det…

 

Helsing Sæbø skule