Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Kvifor er det slik at dei høge fjella i Volda kommune er så flate på toppen?  Og kvifor er det slik at toppvardane er plassert i motsett ende av der ein kjem opp?  Er det fordi ein toppturentusiast også skal verte ein god langrennsløpar?

IMGP9051 kopi

Toppområdet til Sunndalsnipa.  Til liks med andre høge voldafjell som  Storetinden og Eidskyrkja, har også Sunndalsnipa eit stort og heller flatt toppområde.

Sist torsdag var Fred Ingar ein snartur heime i gamlelandet etter ein lang tur frå New Zealand.  - Er Hjørundfjordportalen nedlagt som toppturportal nå?  Dette spørsmålet fekk eg før han i det heile helsa på meg på flyplassen i Hovdebygda.  Altså - det måtte bli ein topptur og verdsvant som han har blitt, måtte han også ha med eit eksotisk innslag.  Valet fall på Mullah Haugen, sjå ingressfoto.  Ein del synest nok at denne Mullah`en liknar på Hjørundfjordkalenderredaksjonsmedlem Ronny Haugen.  Korrekt, det er same person.

IMGP9021 kopi

Så er "styret" i gang igjen, dvs. at fellar skal på skia, skredsøkar på kroppen, hjelmen i sekken osb.  Fred Ingar (Somby) til venstre og Mullah Haugen/Ronny Haugen til høgre.

For min eigen del har eg nok "skrytt" nok av min problematiske akilles her på portalen tildegare, men etter ein del nedturar vert foten no betre dag for dag.  Fred Ingar hadde også sin første fjelltur for sesongen, men han har hatt sine daglege treningsykter.  Ronny har fleire fjellturar på ski bak seg denne sesongen, men heller ikkje han hadde høgare mål enn å kome seg ned att før det vart mørkt.

Det skulle vise seg å at tida vart knapp.  Det vart raskt mørkt og vi rakk berre så vidt Barne-TV, men det skuldast nok mest at vi ikkje fekk på ski på føtene før klokka var nærare 1230.  Her er det på sin plass å sitere Svein Silseth ved Ørsta skisenter sitt svar då han fekk spørsmål om kven sin feil det var at for kort wire vart kjøpt inn til skitrekket: - Eg er ikkje oppteken av å fordele skuld.

IMGP9023 kopi IMGP9027 kopi

Endeleg ski på beina og snøforholda er overraskande fine.  På foto til høgre ser vi ein viss kulturskilnad - Mullah`en(ok - siste gong no) er godt kledd og Fred Ingar(t.h.) kjem frå sommar og sol på New Zealand.

Når det gjeld detaljert ruteval frå Grøndalen, der vi starta,  til Sunndalsnipa kan du lese meir detaljer her.  Svein Myhre kan dette. 

Eg må nok vedgå at eg for ikkje lenge sidan irriterte meg heller mykje over toppturmotstandarane som spesielt på NRK-Møre og Romsdal fekk gasse seg. - OK med topptur, men pass på her og pass på der. (Eg tenkjer ikkje på Jarle S Bjørdal og dei andre fagfolka som vi er så avhengige av, men sjølve programleiinga som har ført til mange sure kommentarar til meg frå folk som er negative til toppturar nærast same kva) 

Sjølvsagt må vi passe oss, men vi må verte mykje flinkare til å forklare kva for fjell ein kan gå på sjølv om det har kome mykje snø. Sunndalsnipa er nok eit slikt fjell.  På turen opp gjekk vi vel knapt ein bakke som var over 30 grader bratt.

IMGP9037 kopi

Kaffi- og matpause må til sjølv om vegen opp er mindre bratt enn 30 grader.  Sunndalsnipa er bak ryggen til fotografen. 

Dagen før hadde det regna litt i låglandet.  Frå 5-600 meter og oppover var det difor fin nysnø å gå i.  Igjen må det nok vedgåast at Ronny og underteikna for det meste gjekk i opptrakka spor.  Fred Ingar såg vi som oftast der framme ein stad - han leita etter renner og fine nedkøyringar til seinare.

IMGP9047 kopi IMGP9045 kopi

Fred Ingar fòr rundt som ei bikkje der framme og leita etter fine nedkøyringar(foto t.v.). mens vi to lenger bake leita etter sola.

Som nemnt, dette var ein av mange flotte dagar i det siste.  Nede ved bilen var temperaturen fleire raude grader og vindstille.  Eg la difor att både buff og den lette og varme jakka eg fekk av kona til jul.  Det skulle eg få angre på.  I boka "Skiturar i Sunnmørsalpane" av Hagen og Standal står det at toppområdet kan vere utsett for skodde.  Sikkert rett (dette veit Johan Hustadnes meir om), men dei nemner ikkje vinden.  Denne dagen var vinden på topp-platået så kraftig at eg knapt våga å legge frå meg skia.  Å snakke med kvarandre kunne vi nesten berre gløyme.

Det er ikkje særleg bratt å gå denne ruta, men lite bratt og høgt fjell gjev som kjent lang veg.  I boka står det at denne ruta er ca. 5 km, inkl ein km frå den staden du trur er toppen til du når toppvarden.  Men flatt fjell gjev også god utsikt.

IMGP9057 kopi IMGP9062 kopi

Toppvarden er nådd.  Sjå på Fred Ingar på foto til høgre og få eit inntrykk av kor hard vinden er.  (Desse to fotoa er gjort lysare enn det dei aktuelle lysforholda tilsa)

IMGP9070 kopi IMGP9081 kopi

Eg må vel ha med eit bevis på at eg - etter kvart - også kom meg på Sunndalsnipa denne dagen.  På foto til høgre er det vel kjende motiv?

Når det er ca. ein km flatt å gå før du når fram til toppvarden så er det også slik at det er ein km tilbake.  Å gå ein km utan skifellar og med kraftig motvind kan ta si tid, men vi fekk i alle høve tid til å nyte solnedgangen.

IMGP9079 kopi

Elgar i solnedgang

Sjølv om det leid langt på dag og lysforholda ikkje var gode, vart det ein flott nedtur, i alle høve frå ca. 1200 meter og nedover.  Minuset er sjølvsagt at det knapt vart råd å få gode køyrefoto og når motiva for ein gong skuld var ok, klikka ein stivfrosen peikefinger.  Eg tek likevel med eit par av Ronny.  Fred Ingar vart berre borte vekk - eg trur han gløymde å svinge.

IMGP9093 kopi IMGP9095 kopi

Som vi ser er det ikkje mykje nysnø, men likevel fine forhold for Ronny.

IMGP9098 (Large)

Ikkje så mykje lys, men det som er, er vakkert.  Ein eller annan stad her ser vi også Fred Ingar.

Heilt til slutt nemner eg litt om skiutstyr.  Som mange har fått med seg, er det no fleire og fleire som går over frå telemark- til randoneutstyr.  Mange vil nok hevde at fagkunnskapen i fjellet dermed vert borte, men likevel...

Her i Bondalen har vi ein veteran,  Aksel Molvær som  er over 70, som har prøvd det meste av skiutstyr.  No har han  kjøpt randonneutstyr av det lette slaget og er tydelegvis godt nøgd.  Han skal visstnok ha forklart skilnaden på telemarkutstyr og randoneutstyr på denne måten: - Før var det alt for tett mellom trea under nedkøyringane frå fjellturar.  No, når eg har kjøpt randoneutstyr, kan ikkje trea kome tett nok.  Så veit vi det.

IMGP9103 IMGP9107 kopi

Til venste eit dårleg foto, men ein eller annan stad der inne skal Ronny vere.  Kjem trea tett nok tru?  Til høgre er gleda stor over at vi rekk Barne-TV.  Takk for turen.

Saudehornet

Og med litt justering på fotoapparatet ser Saudehornet slik ut frå Sunndalsnipa