"Grovfôrkurs i Bondalen" stod det på invitasjonen vi gardbrukarar fekk for ei tid sidan.  Kurset skulle lære oss å produsere meir- og betre fôr på dei attelegene vi har.  Og eit 20-tals gardbrukarar frå Volda, Ørsta, Vartdal, Ulstein og Hjørundfjorden takka ja til å delta.  Dette ville vi lære meir om.

IMGP9155 kopi

Her ser vi kursarrangør Cecilie Rørstad frå Sunnmøre forsøksring flankert av dei to førelesarane Dag-Arne Eide(t.v.) frå Forsøksringen Sogn og Fjordane og Olav Martin Synnes frå Sunnmøre forsøksring.

Initiativtakaren til kurset var Karl Asgeir Sæbønes og Hjørundfjord produsentlag.  Og nok ein gong må det  konstaterast at dette var eit kurs ein kunne lære noko av.  Eit godt tilrettelagt kurs med to dugande førelesarar viste seg å vere ein formel som sjølv garva bønder kunne lære av.

Fornying av eng var sjølvsagt eit viktig tema.  Plogen kjem ein ikkje utanom, men heldigvis finns det betre eigna reiskap der det t.d. er bratt og mykje stein. Direktefrøsåmaskin og ulike typar jordfresar/rotorharver er stikkord her.   Ugraskamp, kjemisk plantevern og ikkje minst gjødsling var andre stikkord.

IMGP9149 kopi IMGP9150

Ringleiar Olav Martin Synnes(t.v.) er spesialist på kjemisk plantevern.  Bondalingen Lars Molvær (t.h.) er heldigvis eit godt døme på at nye gardbrukarar kjem til.  Har du behov for å leige rotorharvarbeid, kan det vere klokt å ta kontakt med sistnemnde.

Når eit slikt kurs vert halde på dagtid, er det sjølvsagt slik at det vert mest heiltidsbøndene som deltek.  Nokre vil vel gjerne også påstå at det er desse bøndene som er dei mest dugande(!).  Men same kva - når bønder frå ulike aldersgrupper, bønder frå ulike stadar og bønder med ulik produksjon - økologisk/konvensjonell - deltek, vert det sjølvsagt diskusjonar.  Desse diskusjonane er særs viktige og ikkje minst lærerike.

IMGP9151 kopi

Frå venstre:  Ringleiar Dag-Arne Eide, gardbrukar Arne Gunnar Melle, altmoglegmann Even Øverbø og gardbrukar Astor Myklebust.

Tida for gode gratiskurs er nok forbi.  Og når kurset kosta pengar måtte det sjølvsagt god mat til - inkl. ein varmrett samt kaffi og kaker.  Vi kjenner sivilagronomen Even Øverbø både frå meieri, landbrukskontor og forsøksring, men denne dagen var han nærast oppjustert til kokk.  Og han greidde seg godt.

IMGP9160 kopi

Og til slutt stod det att for Karl-Asgeir Sæbønes(t.h.) å takke og gje dei to ringleiarane kvar si hjorundfjord.no t-skjorte.