Mange har peika på at avstanden frå Lisjeelva til tomtegrensa til Stokkehuset er litt snau for ei avkjørsle ned til ei eventuell ferjekai. Sjølv om eg trur det teoretisk skulle være plass nok til å behalde Lisjeelva i dagen vil det sjølvsagt være ein fordel å legge ein liten del av ho i røyr for å få litt betre plass. Om ein samtidig får flytta brannstasjonen ned ved sidan av pumpehuset gjer det god plass til ein god og særs oversiktleg avkjøyrsle.

Det har og blitt føreslege å lage ein liten stikkveg frå torget og bort til ferjekaia sånn at bussen kan ta ein runde rundt Slettedalshjørnet som i dag og stoppe endå nærare ferjelemmen.

Eg har lagt inn desse to endringane i teikningane under, ellers er dei stort sett som tidlegare. Har og lagt til nokre nye synsvinklar (trykk på bileta for større versjonar).

bilde1

bilde2

bilde3

bilde4

 

Vi har og motteke eit forslag frå Vegvesenet ift. alternativ plassering av ferjekaia i Sandvika. Her er kaia trekt nærare sentrum og svinga meir i retning Leknes i eit forsøk på å unngå negativ påverknad på badestranda og naustrekkja. Personleg er eg ikkje sikker på om dette er tilstrekkeleg, det er store krefter i sving under overflata når ei ferje legg til og frå. I tillegg vil ei slik forskyving gå utover plassen tilgjengeleg for biloppstilling.

Eg gjer merksam på at det kun er plasseringa av sjølve ferjekaia vegvesenet her har skissert, plassering av biloppstilling m.m. er etter min eigen fantasi (sjølv om eg ikkje trur det er mange alternativ....)

bilde5

På biletet nedanfor ser ein tydeleg korleis vegen i dag svingar seg rundt Slettedalshjørnet og Prestehagen. Her vil eg anta at vegen må utvidast noko for å gjere denne meir trafikksikker og lage plass til eventuelle fortau m.m.

bilde9

bilde10

 

Legg og inn ein link til reguleringsplanen på Sunnmørksart for dei som har mogleheit og ønske om å sjå meir på denne der:

http://sunnmorskart.no//Map.aspx?srs=EPSG%3A32632&x=6900123.55&y=368719.685&scale=2113&plugin=false&mapTheme=rplan