Skeiv kai på Sæbø20080210
"Dette er ikkje skamlaust" sa oppsynsmannen

Den 21.03.07 tok Hjørundfjord bygdemobilisering intiativ til ei synfaring på Sæbø ilag med Vegvesenet og Ørsta kommune. Både kommuna og HB har venta tolmodigt på ein vegprofil gjennom sentrum for å kunne ta stilling til kva alternativ det skal jobbast vidare med. Etter mange purringar og kontakt med kommuna, Vegvesenet og politikarar, har vi gjort dei oppmerksam på kva slags tilstand ferjekaie er i, der har vi ikkje lagt skjul på at det hastar å få på plass ei ny kai. I dag kom gladmeldinga om no skal det skje noko, etter at toppleiinga i Vegvesenet har vore på synfaring på Sæbø. Etter det vi har høyrdt hadde oppsynsmann Arne Hoem uttrykt "at dette er ikkje skamlaust", når han såg kva tilstand ferjekaia var i .

I den siste tida har det vore grunnboring på Sæbø og etter det vi forstår så er det funne god grunnforhold for å bygge kai i Sandvika. Den gamle reguleringsplanen er frå fyrst på 90 talet og ein må nok rekne med at enkelte detaljar må ein gå ei ny runde med til dei involverte partar, for å få saka i hamn. Det vart gjort vedtak i dag  om at Vegvesenet tek opp den gjeldande reguleringsplan og tilpassar den med ny ferjekai. Då reknar vi med at vegen fram til kaia gjennom sentrum vert opprusta, med gangveg og fortau.

Ferjekaia er innteikna på skrå mot Sandvikområdet og denne vinklinga har vi høyrdt vart gjort for å imøtekome ei klage frå den gong det nybygde hotellet ikkje skulle få ferjebårer innmot seg. Seinare vart det bygt molo framfor hotellet og det er no uaktuelt å ta hensyn til hotellet, og dermed meinar vi at kaia kan vinklast meir mot Lekneset. Etter dagens planar vil HB bruke si røyst ilag med planavdelinga i Ø.K. og påvirka plasseringa av kaia, slik den ikkje kjem i konflikt med Skondalselva, nausta og badestrandområdet.

Arbeidet som no skal skje er utarbeiding av eit planforslag som skal sendast ut og Vegvesenet vil ta kontakt med grunneigarane og deira naboar, som vert involverte i den komande utbygging. Vegvesenet håpar dette vil gå greit og at planen er klar i løpet av 2009 og kan settast til bygging snarast råd.

Reguleringskart over ferjekaia på Sæbø
Utsnitt av reguleringsplan for ny ferjekai på Sæbø.


HB.ser på dette som ei skikkeleg gladmelding og det er akkurat dette som no skulle til for å få noko til å skje på Sæbø. Med dette vert det ein skikkeleg tettstadopprustning for Sæbø som kan gi ein ny giv.