Gubbetrim er trim for gamle gubbar ?

Vel, no fortida er det so få utrena karar å oppdrive på sæbø og i bondalen av vi får hjelp av ungdomen til å stille nok mannskap til vekas trim.

På årsmøtet til trimgruppa vart det bestemt at gubbetrimmen skulle overførast frå Allidrett til trimgruppa.

Då er det samtidig på tide å informere om denne aktiviteten.DSC01511

Ikveld dukka det opp 4 karar og ei dame !

Etter ei ringerunde kom ein kar til, slik at det går å spele fotball 3 mot 3.

Kvifor er det så få som går på gubbetrim ?

Vi er ein gjeng på 7-8 karar som er uregelmessig tilstades.

det må då være fleire som kan trenge litt trim ?

Er fredagskvelden feil dag ?

Er det for lite markedsført ?

 

 DSC01533

 Litt armhevingar (til ære for fotografen ?)

 

Trim kan faktisk være sunt- her er ingen krav til ferdigheiter- kom og bli med !

Favoritt -aktiviteten er fotball, det kan også være basket og litt styrketrening.

som ein kan sjå på bilda, treng ein ikkje være ein gubbe eingong for å være med.

Så ta ei utfordring- kom deg ut av sofaen- kom på gubberim.

Kvar fredag kl. 20.00