Ferjekai

Ferja legg ut frå dagens ferjekai.

Formannskapet sitt vedtak var som følgjer:

"Ørsta formannskap som planutval viser til at det ligg  til rette for ei rask realisering av ny ferjekai på som del av riksveg 655 gjennom Sæbø sentrum.

Planutvalet ser det som svært viktig at bygginga av ferjekaia skal kunne gjennomførast så raskt som råd. Dersom slik bygging kan gjennomførast innanfor ramma av gjeldande reguleringsplan, finn planutvalet at ei rask gjennomføring må vege tyngre enn dei moment som kan tale for å ta lokaliseringsspørsmålet opp på nytt gjennom ein ny reguleringsprosess. Planutvalet føreset at ein gjennom ein byggjeplan kan gjere mindre endringar som så langt råd tek omsyn til eksisterande naust og badeplass m.v. i Sandvika.

Planutvalet meiner likevel det bør vurderast å ta spørsmål om reguleringsendring m.o. riksvegtrase gjennom Sæbø sentrum opp til ny vurdering"