Tre fjordkryssingar i dag 

Vi har i dag tre luftspenn over Hjørundfjorden: Ytre Standal-Molaup, Hustadnes-Leknes og Kalnes-Finnes. Etter planen skal det siste, store luftspennet kome frå Skarbøen og over til Gjeveneset. Den eldste kryssinga, Leknes-Hustadnes er minst 50 år gammal og har for liten kapasitet alt no.

Fardal-Leivdal-Ørskog

Statnett har gjennom høyringsdokumentet skissert ei rekkje alternative traséar, men alle inneber fjordkryssingar og framføring gjennom vanskeleg eller sårbart terreng straks ein kjem over til Sunnmørsområdet. Det er tydeleg at kommunane ønskjer at kraftlina skal svinge inn om deira område for å sikre straum til vidare utvikling og framtidig bruk. Det gjeld Ørsta/Volda og det ytre området, men og Sykkylven/Stranda treng kraft. 

Det synest som Statnett - som er utbyggar - er i ferd med å lande på linevalet Volda-Vatne-Follestadalen-Vestsida av Hjørundfjorden utover til Skarbø med kryssing til Gjevenes, så gjennom Sykkylvslandet og endeleg kryssing over Storfjorden til Ørskog.

Dersom ein vil sette seg grundigare inn i dei ulike trasévala, må ein gå til dokumenta.

Utsikt frå Otola

Dette biletet har er "rippa" frå Portalen og fotograf er ei Sæbø-jente som var på Otola i sommar. Her ser vi ein stor del av fjorden vår nordover, berre indre del av Storfjorden manglar. Ein kabel på botnen ville ikkje skjemme dette flotte motivet.

Kabling

her vore eit gjennomgangstema i debatten, men dette vert temmeleg kategorisk avvist av Statnett og kostnadene er hovudargumenet. Det har likevel vore hevda at kabling vil bli vurdert over kortare strekningar dersom det er særleg vanskeleg terreng og naturinngrepa vert meir enn det tolelege.

Ein brannfakkel

Det er vel mulig at eg med dette innlegget kastar fram ein brannfakkel som ikkje fell i god jord i heimefjorden. Det er sjølvsagt fristande å skue problema over til andre område. Men det angår oss likevel at vi skal få ei ny, fjerde fjordkryssing i luftspenn.

Mitt forslag er av det bør leggast kabel på fjordbotnen frå Finnes til Ørskog, gjerne med eit landtak i Hundeidvik for å sikre kraft til Sykkylven/Stranda-området.

Dette inneber kraftlinje  frå Leivdal til Finnes, antan gjennom Skjåstaddalen eller Bakkedalen. Ein stad i dette området må kraftforsyninga til Ørsta/Volda/Ytre Sunnmøre greinast av.

På Finnes, Hundeidvik og Ørskog må det byggast endepunkthallar.

Trase med kabel i fjord

Dette elendige kartet gir likevel ei aning om korleis eg tenkjer. Den prikka linja er den "nye" traséen. Strekninga frå Leivdal, gjennom Skjåstaddalen, til Leira og over Norangdalen er vurdert av Statnett i eitt av alternativa. Men kabel frå Finnes til Ørskog har ingen lansert før.

Kostnader

Eg reknar kabelen på strekninga til omlag 57 km. Med Statnett si kalkyle vil reknestykket bli:

3 endepunkt:                                            60 mill.

Kabelanlegget:                                     1.539 mill.

Kompensering:                                          57 mill.

Sum: 1.656 mill.

Norske straumleverandørar legg sjøkablar til Europa. Det er minst 3 kablar til Danmark og ein til Nederland. Den siste er 250 km og er kalkulert til 7-8 mrd. Det er og under planlegging ei ny kabelføring til Danmark. Det viser seg at der det er vilje til kabling, er det fullt ut forsvarleg, også økonomisk.

Fordelar og ulemper

Sjøkabling er ingen ukjent teknikk og vert rekna som ei svært stabil framføring. Når det gjeld djupna av Hjørundfjorden, er det omlag det same som norskerenna i Skagerak. Ein kan rekne med av kabelen (ane) vil legge seg i lausmasser på botnen og eg reknar med at det er gjort nok seismiske granskingar slik at det er kjent terreng ein opererer på.

3D fjorden Trandal-Standal

3D fjorden Standal-Leknes

Desse to 3-dimensjonale karta over ein del av fjorden vart brukte i samband med artikkelen om torskeoppdrettsanlegget i Øksavika ved Standal. Her får vi ein inntrykk av korleis fjordbotnen ser ut. Eg vil tru det er store lausmasser på dei flate botnpartia. Ytst i fjorden, ved Leknes og ved Finnes er der tersklar med grunnare fjord.

Eg har vanskar med å sjå at ein kabel lagt midtfjords vil vere til hinder for fiske. Når det gjeld fiskeoppdrettsanlegga, må dei tilpasse ankerplasseringa godt til side for kabelføringa.

Med ei slik kabling, vil ein i første omgang sleppe lange lineføringar gjennom Follestadalen, over Standaleidet og langs vestsida nordover. Dertil slepp ein luftspennet over til Gjeveneset.

Andre kablar, frå Trandal og evt. frå Leknes kan krysse denne kabelen utan problem. Nordsjøen og den engelske kanal er "pepra" med kabelføringar!

Så ser eg føre meg at etter kvart som dei gamle luftspenna over fjorden vert for gamle og manglar kapasitet til dagens kapasitet, kan dei fjernast!

Avslutning

Eg sit med ei kjensle av at eg ikkje har følgt nok med i diskusjonen om den aktuelle debatten om linevalet Fardal-Ørskog. Kvifor har det alternativet som eg tek opp, ikkje vore framme før? Kanskje ein Inge Kolås eller andre kan sette meg på plass?

Videre gjer eg meg tankar om at dersom Hjørundfjordområdet tek på seg å løyse denne  floken som linevalet er for nokre svært utsette område, bør samfunnet gi ein kompensasjon for ytinga. På same måte som velvillige kommuner får premiering dersom dei slår seg saman, bør vi få t.d. ei djupvasskai på Øye eller Urke, ei gondolheis frå Maude til toppen av Stålberghornet og ein tilkomst til Skårasalen???

Legging av sjøkabel

Her ser vi ein kjempekabel på veg mot djupet. Kan noko slikt skje i Hjørundfjorden?