I kveld har hjorundfjord.no fått kjennskap til at politikarar i driftsutvalet i Ørsta kommune har fått spørsmål om dei er gilde i legesaka.  Bakgrunnen for brevet skal vere at politikarar frå Vartdal og Hjørundfjorden som også sit i driftsutvalet, visstnok skal ha skreve under lister som krev at Vartdal og Hjørundfjorden framleis skal ha eigne legestillingar.  Dermed fryktar tydelegvis administrasjonen(?) at desse politikarane har gjort seg sjølve ugilde(inhabile).

hjorundfjord.no veit ikkje kven som har ansvaret for at dette spørsmålet vert stilt, men det er underskrive av sekretæren i driftsutvalet.

Dersom det skulle vise seg i denne konkrete "legesaka" at engasjerte politikarar som også har skreve under lister er ugilde, ja, då er det vanskeleg å vite kva driftsutvalet vil bestemme seg for dersom det vert samansett av mange varamedlemmer.  Advokat Jo Prestegarden er ein erfaren jurist og også tidlegare kommunepolitikarar, hjorundfjord.no ringde han.

- Advokat Jo Prestegarden, hjorundfjord.no har i kveld fått kjennskap til at i alle høve nokre politikarar i Ørsta kommune sitt driftsutval har fått brev om eventuell ugildskap i "legesaka".  Det vert stilt spørsmål om dei er gilde/habile kort og godt fordi dei har skrive under på protestlister.  Kva seier du til dette?

- Her er det Forvaltningslova som gjeld, nærare bestemt § 6.  § 6, 1. ledd omhandlar slektskap, den delen av § 6 er nok uaktuel her.  Det som gjeld i denne aktuelle saka (politikarar som har engasjert seg og skreve under lister) er § 6 2. lekk:

"Likeså er han ugild når andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet; blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til. Det skal også legges vekt på om ugildhetsinnsigelse er reist av en part."

Som du ser er det nok få eller ingen som blir ugilde etter § 6, 2. lekk heller.

- Kan du, advokat Prestegarden, kome med eit døme på kva som kan gjere ein politikar ugild i "legesaka"?

- Ja, dersom ein politikar som sit i driftsutvalet har eit lokale som vedkomande vil leige ut til den eventuellt nye legen,  så blir nok ho/han ugild, jfr. "saken kan innebære særlig fordel".

Nei, ein politikar vert slett ikkje ugild fordi ho/han engasjerer seg i ei sak - det skulle berre mangle.  Grunnlaget for heile demokratiet vårt er jo at folk/politikarar engasjerer seg.  Det er kort og godt "åpenbart at det er uriktig at en politiker blir inhabil i denne saken bare fordi vedkommende har skrevet under på en protestliste"

- Kan eg få lov til å sitere deg på Hjørundfjordportalen på dette?

- Sjølvsagt, det skulle berre mangle.  Slike habilitetsregler må ein ikkje drage lenger enn ein må.

Takk.  Det var godt å høyre.