Festen var som annonsert opna kl.20.00 og programleiar for kvelden var Ingvil Flatnes. 153 betalande gjestar var på plass og skulle ha litt underhaldning før det skulle serverast frå eit flott koldtbord.

Totalt var her rundt 200 personar på Grendahuset denne kvelden og det er det maksimale som huset har lov å ta innom dørene. Alt låg klart for eit vellukka arrangement. Det var venteliste på å få kjøpe bilettar, så mange måtte nok skuffa innsjå at dei ikkje fekk delta, på denne årlege samkoma i jula.


Fyrste programmpost var lokale musikarar. Jon Endre Ørstavik opna med å framføre eit stev og karane avslutta ilag med den kjende julesongen "Julekveld i skogen" av Otto Nilsen og tekst Astow Ericson.

Julekveld i skogen

F.v:Rune Mo gitar, Olav Stokke trekkspel, Jon Endre Ørstavik song og Jan Rune Frøland bass. Her er det visa "Julekveld i skogen" som vart framført.

Den forholdsvis unge teatergruppa i BFUL har utvikla seg utruleg fort og vorte eit seriøst innslag på tredjedagsfesten kvart år. Gruppa har overteke mykje av det som var festnemnda si store utfordring før, ved å få til underhaldningsdelen på festen.

Denne gongen hadde dei eit innslag om  eit mykje kjent tema frå bygdene. Ein forvoksen odelsgut- Sigleif- der mora må hjelpe til med å formulere ei kontaktannonse. Litt på kanten med sannheita vart oppfordringa frå mora, for at sonen skulle være sikker på å få "snøre i bånn".

I siste akta av framsyninga hadde odelsguten fått ei blondine heim, og det var song og musikk i stova. Men om dama var slik mora håpefullt hadde tenkt seg, var ei anna sak. Her var det nok kanskje litt mykje musklar og skjegg.

Mor hjelper til å skrive brev Ny dame i hus

Teatergruppa hadde ei framsynging om ein ungkar- Sigleif-, her spela av Yngve Frøland som fekk hjelp av mor, spela av Åse Lill Leknes, til å skrive heim ei gardakjering. Th.Den nye dama-Mannika(Einar Tvergrov) er komen i hus og det er sang og musikk i stova.

Vidare i programmet var ei forventa og velskreva lagsbok. Her kom Bodil Skare sin talarstolerfaring til nytte, og ho las boka på ein framifrå måte som fekk forsamlinga til å fylgje ekstra godt med. Her kunne det kome spark til kvar enkelte i salen, så det var all oppmerksomheit til Bodil, og det gjaldt å fylgje med for alle.

Lagsboka 2008

Bodil Skare les lagsboka 08
Bodil Skare las på framifrå måte lagsboka

Godt år godtfolk.
Og eit godt trimår til alle saman. Det er kjekt å sjå ei forsamling i så god form. Det er heilt utruleg kor de har trena. For 2008 i Bondalen har vore fysisk fostring sitt år. Ingen kan vere usamde i det, for eit slikt engasjement for å få ein ny gymsal å trene i, har vi i lagsboka sjeldan sett. Alle i dalen krev ein stor gymsal til å springe og trene i. Det skal verte kjekt når den nye salen er bygt. Då vert det rift om treningstimane.....

 For dei som ikkje vil trene i ein gymsal, har vi fjella. Dei fjella som før var reservert saudesanking skal no opnast for skigåing opp, og skirenning ned. Vi skal ha helikopter, for det er alle for. Reklame i Fri flyt er alfa og omega. Er det nokon som har lest Fri Flyt forresten. Er det eit blad som eksisterer?

 Fri Flyt er altså noko som no handlar om skigåing. Lagsboka kan så vidt minnast at fri flyt hadde med noko anna å gjere. Vi skal ikkje nemne plattingdansane.

 Og for dei som trur vi skal nemnde A-laget, tek de frykteleg feil. Fri flyt handla i år om veteranlaget, nokre tilårskomne karar - knapt utan ein dugnadstime for Sæbø IL. Dei tvinga seg plass i Sæbø-cupen, og trudde at alt var på stell, slik det var i deira eiga jappetid. Dei var høge på pæra, men forlet cupen med lita ære. Tapte for dei fleste, mens vi kunne høyre at vomba ut este. Det var fri flyt av ego og feitt.

 Nei, då skal vi heller hylle dei som gjer ein innsats. Tusen takk til Nutte, Alfhild, Kari og Eldbjørg. Velfortente æresmedlemmer av Sæbø IL.

 Men i lagsboka reagerer vi likevel noko på den eine æresmedlemmen sine åtak på økologien. Vi er ikkje så sikre på at bondelagsleiaren har heldt seg unna økologisk og berre stått på kunstig gjødning, for det vel ein grunn til at sistemann er kalla Lisjen? Vart det vel mykje økologisk? 

 Trimming har vi hatt i heile år. Graset var knapt grønt, og lauvet var knapt spretta ut før vi fekk ei av årets største nyvinningar. Gunnar-råsa var rydda, og det var reinaste folkestimen frå Sæbø, opp Skondalen, og ned att på Rise, eller omvendt. Ut i frå noterningane i trimgruppa si bok på trimpostane langs Gunnar-råsa, kan vi i alle fall slå fast ein ting, kvinnene er i stort fleirtal. Betre sjekketriks har det knapt vorte utført i Bondalen. Ny rås gjev lettare dås.

 Likevel, kanskje er det ein mann som har  utmerkt seg mest i Gunnar-råsa. Veteranen Hole-Anders har trassa aldersslitasjen, og teke jamlege turar i råsa. Så får det heller vere så som så med tobakksreklamen som har vore i ymse media i samband med omtalane av Anders sine turar.

 Hugsar de forresten for nokre år sidan. Då var Anders uheldig, og vart biten av ein ufisk. Dette ser ut til å vere smittsamt.

Nyleg kunne vi høyre om at ein sværing av ein breiflabb gjekk til åtak. Vi har sympati med breiflabben, for sjølv om offeret er ein pensjonist, er han trass alt ein pensjonert kokk, og det er ikkje så kjekt å verte til filet heller.

 Trimming har det vore i fremste dalen også, medan ein på Sæbøneset ikkje vert samde om kvar vegen skal gå, har ein på Rekkedal fått veg forbi byggjefeltet for lenge sidan, og ein har også fått asfalt. Men ikkje all asfalt er god asfalt, og når sprekkene vert for store, og målinga bleiknar og forsvinn, då gjer vi det sjølve. Bryggjekunsten er kanskje i ferd med å forsvinne, men koke asfalt det kan vi, og med noko innandørsmåling vert også kvitestripene fine.

 Etter fleire års arbeid, vart også elvarampa frå Sæbø til Kvistad ferdig, og opna med brask og bram. Hundrevis har gått, jogga og sprunge langs rampa. Det er rart ingen peikar på dette fenomenet når villaksen sitt fråver vert debattert. Å hoppe etter ei fluge, og så sjå nokon i sjokkrosa kome joggande forbi kan skremme dei fleste.

 Turismen i Hjørundfjorden går spennande tider i møte. På begge hotella har det vore eigarskifte. Storkapitalen har kome til Øye, og det skal byggjast nytt tilbygg til hotellet. Fylkesantikvaren har alt engasjert seg, men vi trur byggherrane skal vere meir spente på kva Linda i det Blå rommet vil gjere når dei aust-europeiske bygningsarbeidarane skal i gang med arbeidet.

 På Sæbø var det også eigarskifte. Vårt tips for ny giv er at første tiltak er å ha ope.

 Det var ikkje fritt for at det var krangel om reiselivet i år også. Turistskipkaia skal vere i Ørsta, og at hjørundfjordingane likar å samarbeide med Ålesund, likar ein  ikkje i sentrale reisleivskrinsar i Ørsta sentrum. Hjørundforden er visstnok finast på postkort, og helst utan nokon aktivitet som kan forstyrre i bileta. Men vi skjønar Hjørundfjord-skeptikarane godt. Kva er vel Skårasalen mot Brekkeheida, og kva er vel Union Hotell mot Ose Camping? Bygda som gav oss bygningen Ørsta Amfi, veit alt om kva som vil lokke turistar til regionen.

 Mykje god turisme må det liggje i hjortejakta. På Årset og Gjerdet burde det i år ha vore tilskodarplassar i måneskinet. Då ville turistane på hjortesafari først ha sett same mann plaffe ned ni hjortar. Der etter ville dei ha sett Sæbø Bygg kaste seg rundt, og plaffe ned tre hjortar. Han vart nok litt sein i avtrekket han Arild i år, men han har i alle fall utstyret som gjev ei rask partering.

Om det er turisme eller trim det som har skjedd på Trandal i år, er vanskeleg å definere. I alle fall har Christian Gaard vorte, etter eigaren sitt eige utsegn, staden for lauslivnad. Hundrevis har fått med seg både blues og skilmsissefestival. På Sæbø er det Hjørundfjorddagar ei helg i året, på Trandal er det Hjørundfjorddagar sommaren rundt. Det einaste som står att er ymse løyve. Dei kjem nok.

 Her på huset var nok løyva i orden, og ein stor innsats har vorte gjort for at vi i kveld kan sitje turt. Men det er frå lagsboka sin ståstad litt vanskeleg å skjøne at det er enklare å folk for å leggje torv på taket først, enn å få dei innomhus for ein skål etterpå. Rett nok vart kranselaget ein suksess, men det var også avlyste arrangement der bygdefolk skulle samlast. No er i alle fall resepten klar. Hald ein dugnad først, og ta festen umiddelbart etterpå. Og det er vel heller ingen ny resept, er det ikkje slik vi alltid har gjort det?

 Det er altså mangel på villaks, som vi så vidt har nemnt i boka før i dag. Ei anna årsak til villaksen sitt fråver kan jo vere at dei ikkje lenger ser nokon vits i å kome hit. Det er dårleg folkeskikk å leggje ut ei gjestebok, for så å fjerne namna etterpå. Slik var det med fangstdagboka i år igjen. Kanskje hadde det vore ein ide å frede boka, og ikkje laksen.

 Oppdrettslaksen likar seg i alle fall godt i fjorden, men litt vonbrot vart det i år over at den rømde laksen frå eit oppdrettsanlegg på Vartdal tok vegen ut Vartdalsfjorden, og ikkje inn Hjørundfjorden. Vi er veldig i mot oppdrettslaks, men vi likar veldig godt å fiske han rett før jul….

 Vi merkar oss at det har stilna rundt Hjørundfjord kyrkje. Litt biskoprefs skal det visstnok vere, men det er berre slikt vi har vorte vande med. Nokre feil vert gjort, og ikkje alt vert forstått.

 Då er det meir styr rundt prestegarden. Eigaren, Opplysningsvesenets fond, vil satse på eit stort bustadfelt i desse nedgangstider, for det er ikkje maken på kor stor etterspurnaden skal vere etter sentrumsnære tomter på Sæbø. Men landbruket er skeptisk, for det er den beste dyrkajorda i dalen som vil gå tapt. Vi kan berre vente å sjå, men det er då forresten ikkje rart at det er behov for trimtiltak i dalen, viss alle skal bu i gangavstand til kyrkje og butikk.

 Vi ynskjer alle ein vidare god jul, og eit godt nytt år, og nyt kvelden og bruk han til å halde dykk i form med aktiv innsats på dansegolvet.

Bondalstinget

Etter den siste tida debatt i den kommunale politikken, er det nok på tide å få på plass eit skikkeleg Bondalsting og  dei politiske partia våre vart presenterte her denne kvelden.

Og for å få til ein god Tv debatt, var ikkje det ikkje noko nærare enn å få på plass vår eigen Arill, til å leie debatten. Her i Aleksander Riise Olsen sin skikkelse. Med seg hadde han kameramann Yngve Frøland.

Etter å debattert saker frå programmleiar "Arill" så vart det ope for publikum å kome fram å ta mikrofonen. Nokre personlegheiter møtte opp og desse damene hadde ikkje noko som helst problem å få fram sine meiningar. Skårasalvegen var eit av forslaga, og her var nok partiet for "Usikker til alt" nokså skeptisk, men dei andre hadde sine klare standpunkt og for å ikkje nemne Bodil frå "Ja til alt". Ho var ikkje berre enige til veg opp, ho ville også ha ein eigen veg nedatt, i tillegg. Dette fekk ho sjølvsagt applaus for frå salen.

Paneldebatt Ei kunsnardame

I Bondalstinget var fire lokale partier representert. Bilde tv.:Lars Petter Strandmann frå "Usikker til alt", Trond Holen frå "Enig til alt", programmleiar Arill, Rolf E.Riise frå "Nei til alt" og Bodil Riise frå "Ja til alt".Bryndis Elvemo(Janne Solhaug) hadde klare meiningar om korleis ein kan utvikle vidare rampevegen. Bondalstinget hadde delte meiningar til hennar forslag.

Bilde th.: Publikum ville også ha eit ord med i debatten og kunstnerinna Vera from der Üben (Jorunn Kvistad) hadde sterke meiningar om korleis Hjørundfjorden skulle få ein oppsving. Bruer frå topp til topp med MC-Donalds på kvar topp, og sjølvsagt veg på Skårasalen, var noko av dei beskjedne forslaga ho kom med.

Dei er ikkje eininge

Publikum deltek

Bilde tv.: Vera fekk besøk av ei frustrert husmor(Oddhild Kalvatn)som hadde høyrdt på dette tullpratet og ville gå imot, men Vera let seg ikkje påvirke av noko slag. Bilde th.: Her kom Leikny Urkeli til mikrofonen. Ho hadde tenkt ut korleis ein skulle ta ibruk landjorda og lanserte den fantastiske planen om ein glastunell mellom Hustadneset og Lekneset. Ho ville også aktivt ta ibruk elverampa. Det heile var eit gjennomtenkt Hjørundfjordsamband. Politikarane var både for og i mot og det var eit klart nei og ein nokså usikker representant, her også.

Denne programposten var det teatergruppa som stod føre og ein må berre undre seg over for eit talent kvar enkelete har. Etter det vi veit så er det heller ikkje allverden med tid dei har hatt på øvingar.

Når det gjaldt "politikarane" så hadde dei tekje på seg oppdraget same morgon og dei imponerte storleg.

 

Årets Bondaling

Mari-Anne takkar
Mari-Anne Bjørdal vart årets
Bondaling og takka for utmerkelsen

Årets bondaling var utnemnd av BFUL i år som vanleg og ikkje uventa var det Mari-Anne Bjørdal som fekk prisen.

-Valet var i år enkelt

-Prisen går til ein kandidat som arbeider i det stille. skriv styret BFUL i sin innstilling.

Les meir her om prisvinnaren.

 

 

 

 

 

 

Utdeling av Julekalendaren sin nissekonkurranse på Hjørundfjordportalen.

Konkurransen var tidlegare avgjort og det var prisutdeling av leiaren i portalen.

21 poeng: Karin Flatnes 1.premie ein stor tursekk med innhald til ein verdi på kr.1000,-

16 poeng: Jonny Flatnes 2. premie ein gåvesjekk kr.500- frå Ose & Aarseth AS

14 poeng:Arne Jon Rekkedal 3.premie frå Hjørundfjord 2008-Hjøundfjord Sogelag.

Karin Flatnes møtte opp og fekk tursekken sin. Frå spørsmål om ho kunne røpe kva løyndommen bak suksessen, sa ho at ho las portal kvar dag, og såg på kvar eit einaste bilde, og dette huska ho. Konkurransen i år var vanskeleg og ho hadde problem med enkelte oppgåver, men dei fleste greidde ho å løyse.

Loddsal

Mange fine premiar var gitt til festen og det vart gjennomført ein rask loddsal før middagen.

Premiane vart gjeve av:

·    Festmiddag på Rekkedal Gjestehus for 2
·    Kolonialkasse frå Slettedal
·    2 Hjørundfjordkalendarar frå Bygdemobilisering
·    Ei ostetine frå Tine
·    8 julestjerner frå Eurospar på Fjordtorget
·    2 røykalakssider frå Toregarden på Nordre Vartdal
·    Div godteri frå Bellingen.

Den siste og viktige delen av programmet.

Nemnda til tredjedagsfesten 2009:

Åse Lill Leknes, Runar Kvistad, Martinus Riise, Kjersti Riise, Knut Hustad, Jane Hustad, Janneche Myklebust, Frank Mo, Arne Gjerde, Ann Helen Urkegjerde, Kjell Arne Urkegjerde, Oddvar Olsen
Leiar: Marit Riise Olsen

 


Tredjedagsfesten II

I år vart det servert spekemat med det som høyrer til, til middagen og når det gjaldt drikke hadde festen skjenkeløyve.  Det vart dans med Guro Håvik og gruppa "Midi".

Guro stod på til det sisteGuro Håvik stod på til siste stund.

 

 

Nemnda 08

Festnemnda kunne med stoltheit takka av ut i dei små timar på nyåret. Det hadde vore ein heilt velukka kveld utan problemer av noko slag.

Fv.Irene Hustad, Arne Johan Hustadnes, Mie Stokke, Gerd Hustadnes, Eve Holen(Leiar), Ann Lisbeth Eidem, Ingvil Flatnes, Bodil Skare, Karianne Myklebust, Rolf E. Riise, Trond Holen og Tore Stokke

 

 


Dansen har begynt

Juledans