Snø og fleire minusgrader i kveld, mykje regn og vind i går.  Likevel var det mykje vakkert å oppleve i går - i alle høve om ein er busett i Storfjorden i Hjørundfjorden.

Som opplyst annan stad her på portalen var "jettegrytemannen" vår, Perry Bjørke slett ikkje i form.  Mellom hostekuler og sterke feberanfall jobba han iherdig med søknadar og mykje anna pc-arbeid.  Kanskje har Perry slutta å røykje også, i så fall gjekk han kanskje heller ikkje ut på trappe i det heile.  Likevel kunne han nok sjå den vakre Tyssefossen gjennom stovevindauga.

IMGP8911 kopi

For underskrivne kunne det sjå ut som der var mykje vatn i Tyssefossen, men det var det kanskje ikkje?  Er i så fall dette vatn som kjem inn i fossen etter demninga oppe i Tyssedalen?

IMGP8914 kopi

Vakre, gamle bygningar, men kva slags hus er dette?

Det er litt flaut å vedgå at kjennskapen til desse sikkert verneverdige bygningane er mindre enn det som bør forventast - i alle fall før eg snakka med Perry på telefon i dag.  Er det nokon som veit meir om desse sikkert gamle trehusa?  (Desse husa ligg berre få meter frå Perry og sambuar Olga si hustrapp)

Då eg først var inne i fjorden måtte eg sjølvsagt til Leira for å sjå på tunellarbeidet der.  Eg vart heilt imponert over storleiken på  anleggsarbeidet - det er heilt sikkert mykje større enn dei fleste av oss trur.  Store lastebilar/semitrailarar, gravemaskiner, brakker, bilar av ulike slag osb. var der nærast over alt, men nede ved sjøen låg nausta som dei nærast alltid har gjort.  Nausta såg ikkje ut til å bry seg sjølv om det låg kilt stein (sikkert mellombels) inn mellom dei.

IMGP8891 kopi

Naust og springflo på Leira

IMGP8893 kopi

Ikkje mange meter frå nausta ser vi nærast ei anna tid.  Tuneallarbeidarane har allerei sprengt seg mange hundre meter inn gjennom fjellet og om ikkje lang tid kan folket på Vidda og Leira - fyrst og fremst - sleppe å engste seg for steinsprang når dei skal til Bjørke og vidare i den retninga.

Når anleggsarbeidet ein gong tek slutt så må vel store og flate område verte liggande att nede ved sjøen?  Er det slik at det likevel ikkje skal byggast molo her?  Likevel - her må vel verte store områder som kan utnyttast til eit eller anna, t.d. innanfor turisme?

IMGP8898 kopi

Vel tilbake på Bjørke såg eg den "nye" jettegryta som er nemnt annan stad her på portalen.  Perry har informert meg om at utgravinga av denne ikkje kan gjerast ferdig enno.  Omtrent der som fotografen står på fotoet over er det nemleg eit borehol for drikkevatn.  Dette boreholdet må erstattast av eit anna før utgravinga kan avsluttast.

På veg heim såg eg svanene på Langvatn i Austefjorden.  Dei såg ikkje ut til å sakne snøen i det heile.

IMGP8917 kopi

Svaner ved Langvatn