Vi som bur i Hjørundfjorden/Bondalen vil med dette seie eit kraftig NEI til å misse legestillinga på Sæbø.

Vi godtar ikkje lengre å være ein salderingspost i den sentraliseringspolitikken som no syner seg i Ørsta kommune. Vil kommunen at det skal bu folk i utkantane?

Kvifor skal vi ta vekk ei ordning som i alle år har vore velfungerande på alle måter for folket i Hjørundfjorden, for sparing av småpenger i den store sammenheng? Og kven er overbevist om at det er dei store legesentera som fungerer best?

Vaktordninga.

Unge kvinnelige legar med små barn likar ikkje vaktordninga som er i Ørsta seier Frode Urke. Ingen kvinner med små barn likar vaktordningar, der vi må være borte fra borna. Helse Ørsta/Volda er full av slike kvinner, sjukeheimane, heimesjukepleien, sjukehuset. Vi har sjølv valgt yrke, og veit kva vi gjekk til. Vi har ei oppgåve og ei plikt til å yte helsehjelp og service til befolkninga 24t/døgn.

Legevaktsordninga skal inn i eit interkommunalt samarbeid med 3 andre kommuner. Dvs. ein lege er stasjonert på sjukehuset i Volda og skal betjene Ørsta-Volda-Hareid og Ulstein Øyebikkelig hjelp natt. Så istadenfor ca. 17 legar fra Ørsta som deler vaktbelastninga, så vert det no delt på ca. 45 legar.(Om alle tek del) Til sammenligning så har fleire av legane ved sjukehuset i Volda døgnvakt 1-2g/veke. 

Innsparing

Kr. 500 000!  Det reknestykket skulle vore interressant å sett. Kva vil det koste i tid og penger for folk i inste Hjørundfjorden å komme seg til lege. Snart ein heil arbeidsdag! Og korleis har ørsta kommune tenkt at folk skal komme seg dit? Deler av Hjørundfjorden er ikkje landfast med kommuneØrsta, og vi har ikkje timeekspress.  Kva med det menneskelege aspekte der trygg - og vissheit om å få legehjelp innen rimelig tid?  Kanskje vil den nye "Hjørundfjordlegen"oppretthalde den gode ordninga vi har hatt, der vi som er i arbeid, kan få kome til lege ein ettermiddag i veka, og såleis slepp å ta oss fri fra arbeid. Er denne "innsparinga"tatt med?

Felleskap med andre legar.

Kvifor ikkje ha 2 legekontor her på Sæbø. Bruk td. helsestsjonen til legekontor. Legg helsesøsterkontrollane til tirsdag då den eine legen er på Bjørke, så er kontoret ledig. Vi opprettheld ei god ordning, og legane får felleskap. Småborn som treng legetilsyn som vert avdekka av helsestasjonen, vil få det samstundes, og ikkje verte avhengig av å reise til Ørsta. Pasientgrunnlaget i tillegg til Hjørundfjordingar, er Ørstingar. Det er faktisk like langt begge vegar!

Kva har vi å tilby  

Bustad som ligg sentralt til med utsikt til vakre Hjørundfjorden. Barnehage, skule 1 min. gåavstand. Det naudsynte av butikkar, post, bank, bensin. Hotell, sjukeheim, campingplassar. Lite tett samfunn der det er lett å verte kjende med andre. Folk med stor dugnadsinnsats, fantastisk natur for fiske, fot-og skiturar. Rolige vintrar og frodige somrar.

Oppmoding

Vi oppmodar våre politikerar om å ta tak i saka. Bak oss har vi folket i Hjørundfjord/Bondalen og grendalaga. Vi legg ut underskriftslister på butikkar, ferge, båt, bank. I tillegg vil husstandane få besøk av oss. Vi treng ei 100% oppslutning på listene. Lykke til oss alle, for bevaring av legestillinga her på Sæbø i