Hensikta med dei opne møta er å få innspel til det vidare planarbeidet. For kvar næring vil vi lage ei analyse av sterke og svake sider, trugslar og moglegheiter. Desse innspela vert gitt vidare til referansegruppa og arbeidsgruppa som skal arbeide vidare med planen. Etter at desse gruppene er ferdige vert planen oversendt det faste planutvalet før den vert lagt ut til offentleg ettersyn, seier næringssjef Martin Foldal.

  • Hensikta med ein strategisk næringsplan er å sikre at iverksetjing av kommunale tiltak og bruk av kommunale ressursar innan næring skjer i ein heilskapeleg samanheng med næringslivet sine behov.
  • Prosessen med rullering av den strategiske næringsplanen skal identifisere både ytre drivkrefter og lokale føresetnader.
  • Næringsplanen skal definere dei ulike ansvarsområda og rollefordelinga mellom privat og kommunal sektor.
  • Ørsta har eit næringsliv med mange små og mellomstore bedrifter. Ved årsskiftet 2007/2008 hadde Ørsta 1198 registrerte føretak (327 AS).
  • Ein sentral utfordring for Ørsta er å behalde, og vidareutvikle eksisterande næringar og slik at desse kan skape nye arbeidsplassar.



Plansjef Gunnar Wangen frå kommunen og Martin Foldal frå Næringskontoret tek seg av presentasjonen.

I samband med møte på Sæbø er det sett opp skyssbåt frå Bjørke via Viddal, Leknes, Trandal og Store-Standal.

Vil du ha skyss kontakt båtførar på 90231756 for avgangstider.

Vel møtte på  Klubbhuset til SIL kl.19.30 i kveld måndag 26.januar

.