Oda på Valset
Oda fødd 19 desember 08.
(Private familiefoto)

På Sollida på Valset  bur Odd Rune Walseth og Anne Årskog ilag med borna sine Synne 7 år, Marthe Elise 3 år og Oda 3 veker.

Anne kjem frå Nordre Vartdal og Odd Rune er frå Valset og dei har busett seg på heimgarden hans.Til jul 2008 kom det siste familiemedlemmet- ei jenta som no er ca.3 veker gamal.

Lisjesystra skal heite Oda og vart fødd på sjukehuset i Volda om morgonen den 19. desember 2008. Ho var då 49 cm og 3510 gr. Dette kunne ikkje passe betre,  for mor  kom heim til Valset på vesle julaftan og som alle kan tenkje seg, så var det stor stas med dei to systrene Synne og Marthe Elise som fekk ei slik fin gåve til jul.

Hjorundfjord.no har snakka med familien og fått tilgong til private foto, og  jenta veks og trives og alt er berre bra med heile familie, seier mor Anne.

 

 

Og ikkje uventa så er den nye eit midtpunkt i familien, og dei to systrene på Valset har ikkje noko imot å prøvehalde den vesle.

Oda ilag med Marthe Elise (3 år)

Marthe Elise(3år) er stolt og greier fint oppgåva med å halde lisjesystra Oda


Stolte storesøstre på Valset- Synne (7 år)

Synne(7år) er no storesyster til to og her er lisjesystra i trygge armar.

(Alle foto er private og utlånt frå familen på Valset, og kan ikkje brukast utan deira samtykke)


Vi gratulerer og ynskjer familien på Valset til lukke med Oda.