Så er det avgjort - dei omstridde legestillingane på Vartdal og i Hjørundfjorden skal lysast ut.  Dermed fekk ikkje administrasjonen i Ørsta kommune det slik som dei ville.

Som hjørundfjord.no har omtalt i eiga sak tidlegare, reiste leiaren i driftsutvalet, Hans Andre Sørvik, spørsmålet om gildskap til dei politikarane som hadde skreve under protestlister (Bodil Skare), eller teke initiativ til slike lister (Johan Bertel Vartdal).  Rådmannen v/Oddvar Marøy argumenterte sterkt for at dei to var ugilde, men ved den endelege avrøystinga var det berre Hans Andre Sørvik som meinte dei to var ugilde.  Bodil Skare og Johan Bertel Vartdal kunne så igjen setje seg til saksbordet.

IMGP9011 kopi

Hans Andre Sørvik(Ap)

Og la det vere sagt med ein gong; dei fleste av politikarane i driftsutvalet (med unnatak av Sven Casberg, H) kjempa sterkt for at legestillingane på Vartdal og i Hjørundfjorden skulle lysast ut.  Og dette vart vedteke: (Eg tek atterhald om ordlyden)

Den omstridde annonsen i vert ståande, men søknadsfristen vert lengd til den 30. mars 09.  Men - og dette er det viktige for vartdalingar og hjørundfjordingar - i tillegg skal ei ny annonse setjast inn i Tidskrift for Den norske lægeforening(også internett) der legestillingane for Vartdal og Hjørundfjroden vert lyste ut med søknadsfrist 30.3.09.

Får ein søkjarar på den siste annonsen, får desse to legane dei aktuelle stillingane på Sæbø og Vartdal.  Kjem det ikkje inn søkjarar på "Hjørundfjord"-  og "Vartdal"-stillingane, skal saka tilbake til driftsutvalet før endeleg avgjerd.

                                             --------------

Som sagt - for ein tilhøyrar såg det ut som dei ulike politikarane og ulike partia samarbeidde godt for å kome fram til ei teneleg løysing.  Viljen for å få til legestillingar både i Hjørundfjorden og på Vartdal syntes vere stor sjølv om det også høyrdest ut til å vere semje om at legevikarordninga på Vartdal, som ein har i dag, var alt for kostbar for Ørsta kommune.

Det kom også fram at det allereie var fire legar som til no har søkt dei to ledige stillingane med "påtenkt tenestestad Ørsta helsesenter AS".  Desse fire legane vil få spørsmål om dei også er interessert  i å søkje på dei to legestillingane/heimlane på Vartdal og Sæbø, som no vert lyst ut ein av dei næraste dagane.

IMGP9016 kopi

Helse- og sosialsjef Oddvar Marøy og leiar for Ørsta legesenter AS, Trude Tonning fekk det ikkje som dei yngste denne gongen.

Helse- og sosialsjef Oddvar Marøy brukte god tid på å forklare kvifor han/rådmannen meinte at Bodil Skare og Johan Bertel Vartdal var ugilde. Ein kan berre lure på kvifor.  Vil administrasjonen berre ha politikarar som ikkje engasjerer seg eller vågar å ta synlege standpunkt i aktuelle saker? At administrasjonen kjenner det økonomiske ansvaret på kroppen må sjølvsagt respekterast, men å ynskje å jage aktive- og gode politikarar av nærast fiktive grunnar er vanskeleg å fatte.

Det må også nemnat at Oddvar Marøy, som det kom fram i Møre-Nytt i går  - ikkje ville trekkje attende annonsen eller lyse ut dei to legestillingane på nytt.  - Det var ikkje tid til det, slo han fast.  Heldigvis var leiaren i driftsutvalet sterk og klar her:  - Rådmannen/administrasjonen må sjølv bere ansvaret for situasjonen kommunen no var komen opp i im denne saka.  Marøy fekk også refs for at han både i innlegg og i saksutgreiinga brukte ordet utkantar om Vartdal og Hjørundfjorden.  Marøy orsaka her ordbruken.

I det heile var det ikkje tvil om at politikarane var frustrerte over administrasjonen si framferd i legesaka. "Knallheit på administrasjonen" sa Signe Barstad, men det var gått over no.  Likevel undra ho seg framleis over kvifor ikkje administrasjonen bad om eit møte med driftsutvalet før den aktuelle annonsen vart rykt inn i tidsskriftet og lagt ut på nett.

IMGP9013 (Large)

Desse politikarane gjorde ein god jobb i dag.  Nærast ser vi Hans Andre Sørvik(Ap), vidare rundt bordet frå venstre: Helse- og sosialsjef Oddvar Marøy, Odd Jarle Øye(Sp), Signe Turid Barstad(Sp), Anne Lise Masdal(V), Sven Castberg(H), Hjørdis Almelid Vikenes(Krf), Bodil Skare(Ap), Odd Magne Vinjevoll(Frp) og Johan Bertel Vartdal(Frp)

I ein tidlegare kommentar sa underskrivene vel at han var noko skuffa over "Hjørundfjord"-politikarane sin innsats.  Slik er det ikkje denne gongen.  Bodil Skare kjempa som ein bjørn.  Ho opplyste sjølv at ho hadde skreve under ei liste, men avviste bestemt- og grunngav godt kvifor ho meinte ho ikkje var ugild.  I tillegg kjempa ho for at legestillinga(som mange andre) måtte lysast ut på nytt og ho hadde tydelegvis jobba godt på førehand.  Ein skal ikkje sjå bort ifrå at både ein og fleire av politikarane hadde vore sett under eit visst press av "sine".

Signe Turid Barstad opplyste også kvar ho hadde hjarterøtene sine og sa samstundes at det slett ikkje var sikkert at alle frå Vartdal og ytre Hjørundfjorden ville finne seg fastlege i Ørsta om legen vart fjerna frå Vartdal.  Hans Andre Sørvik minnte  om kva som kunne skje om Bjørke misste legen sin - det er ikkje mange år til at Kvivsvegen vert opna og då er det berre 20 min med bil til Grodås.