La meg starte med å gjere det heilt klart at eg på ingen måte hevdar å være ugild i denne diskusjonen. Eg har dei siste åra brukt store delar av påske-,  sommar- og haustferiane i vårt feriehus i Sandvika, eit feriehus som, dersom  fergekaia vert flytta i henhold til dei planane som no ligg på bordet, vil bli vesentleg forringa i bruksverdi og difor etter all sannsynlighet vil bli avvikla som feriestad.

På den andre sida er eg som 'innflyttar' å rekne og har ikkje trakka mine barnesko på Sæbø. Mangelen på sentimentale barneminna knytta til staden gjer difor at eg tør hevde å kunne sjå på denne saka med nokonlunde objektive briller.


Meiningane kring ei framtidig plassering av fergekaia synest å være mange. Mest høgrøsta er tilhengarane av ei plassering iht. siste reguleringsplan, ein plan som etter alle solemerker er so gamal at den uansett må opp til ny politisk handsaming. Mykje har og skjedd med hensyn til korleis vi alle ser på naturen og tilgangen til den sidan planen vart vedteken.

Men sjølv om nokre få har sagt mangt om dette har eg framleis til gode å høyre nokre argument for at kaia skal plasserast der den no er innteikna. Når eg spør synest det gjeldande argumentet å være at det 'er no sånn planen er vedteken'. Kanskje nokon av tilhengarane av denne planen kan kome på bana å argumentere for sitt syn? Det kan godt være at eg og mange av dei eg har prata med på Sæbø om dette har oversett nokre av dei argumenta som finnast...?


Argumenta mot ei slik plassering verkar derimot å være mange. Ei omlegging av vegen til å gå mellom Bellingen og der som mjøllageret i dag ligg vil monaleg auke gjennomsnittsfarten på trafikken gjennom sentrum og tvers over torget. Å legge ein ny veg og ein stor parkeringplass ned med sjøen og på den måten bandlegge viktig friluftsareal vil eg og meine ikkje er særleg framsynt.

Vidare vil den nye fergekaia 'mure inne' den flotte, freda, naustrekka som ligg i Sandvika og på denne måten hindre både innsyn, utsyn og aktiv bruk av desse nausta.

Men aller viktigast er kva dette vil gjere med bruksverdien til den flotte badestranda på Sæbø, ei av dei flottaste strendene på Sunnmøre. Mang ein sommardag har eg tilbrakt på denne fantastiske sandstranda med både sol- og sjøbading saman med innfødde og turistar. Og mang ein gong har eg høyrt mødre bekymre seg over born på flytemadrass som bevegar seg farleg nær fergeleda eller som må hente minstejenta, som leikar i vasskanten, fordi det kjem bølger frå ferja.

Eg er ingen landmålar men utifra det eg kan sjå frå tilgjengelige kart vil avstanden frå strandkanten og ut til fergeleda reduserast frå dagens 120-150 meter ned til ein stad mellom 60 og 80 meter om dei foreliggande planane vert realisert. Avstanden frå stranda og ut til akterpropellane på ferja når den ligg til kai vil kanskje være så kort som 50 meter. Eg veit ikkje om ein so kort avstand vil sette nokre formelle begrensningar på bruken av badestranda men at dette sterkt vil forringe bruksverdien synest heva over einkvar tvil.

Ein annan ting er kva dette vil gjere med erosjonen av stranda. Kanskje er det ikkje noko strand igjen å bruke om nokre år?

Alt dette kan nok delvis bøtast på med å plassere kaia meir vinkelrett på land men etter å ha tilbrakt mang ein sommardag med fiskesnøre i dette området veit eg at botnforholda, både i forhold til djupne og grunnforholda forøvrig, gjer at dette vil bli eit særs kostbart prosjekt.


Men noko må gjerast med fergekaia som den ligg i dag, det er det ingen som er ueinige i. Køa med bilar som ventar på ombordkjøyring er i dag plassert på ein trafikkfarleg måte og sjølve kaia er i ferd med å rase på sjøen.


Personleg synest eg at ei plassering lik den Bjarne Hustadnes med fleire har foreslått i tidlgerare innlegg her på Portalen verkar veldig fornuftig. Med å legge nyekaia til området mellom kommunekaia og Hjørundfjordheimen får ein så mange fordelar på ein gong at det minst kan kallast eit tredobbelt Kinderegg....

For det første vil ein unngå ei kvar teoretisk eller reell påverknad på sandstranda og dei verna nausta i Sandvika. Mykje av trafikken gjennom sentrum og over torget vil bli borte, noko som gjer at dette området kan vidareutviklast som den perla det er. Det vil også være relativt enkelt for Slettedal og Bellingen å eksponere butikkane sine mot den nye plasseringa av fergekøa (derom dei ynskjer det), ei fergekø som då vil være endå nærare desse butikkane enn den er i dag og myke nærare ift. kva dei vil bli ved ei plassering i Sandvika.

Og ja, ei slik plassering vil og føre til at eg og mange andre faste Sæbøturistar vil fortsette å besøke denne vakre bygda så ofte som mogleg i mange år framover....

Sist men ikkje minst vil dette frigjere området som i dag blir brukt til fergekai, eit område som er særs egna til t.d. småbåthavn/gjestebrygge. Eksisterande gjestebrygge ved hotellet er ofte overfyllt og eg har og snakka med mange som ynskjer ei anna type havn når ein er på ferie i båt. Eg er sikker på at Dagfinn sine deilige bakverk vil lokke mange nye båtturistar til Sæbø og kanskje kunne Jon Arne sett opp ei drivstoffpumpe på kaikanten? Eg er ivertfall overtydd om at ei brygge her, i umiddelbar nærleik til ei flott badestrand og eit nyoppussa torg, vil få endå fleire til å besøke Sæbø sommarstid, noko som igjen kanskje vil bidra til å få hjula til å svinge litt meir og gjere Sæbø endå meir attraktivt også for fastbuande.


Helge Strand har i eit tidlegare innlegg på denne Portalen skreve at han synest ei plassering sør for mjøllageret er "både praktisk og fornuftig". I same diskusjon seier Knut Riise at "Det er heller gammal vane enn klokskap å leggje fergekaia til Sandvika". Kloke tankar dette som eg trur mange fastbuande på Sæbø seier seg einige i. Mitt håp er at fleire av desse grip ordet så ein kan få ein levande diskusjon rundt dette temaet der resultatet vil påverke Sæbø sentrum så radikalt i mange tiår framover.


Eg vil tilslutt oppmode alle dei som endå ikkje har gjort det, om å ta ein tur innom www.sunnmørskart.no og sjå nærare på dei kartskissene, flyfotoa og reguleringsplanane som ligg tilgjengelig der og på bakgrunn av dette gjere seg opp si eiga meining om korleis ein ynskjer at Sæbø sentrum skal sjå ut i framtida. Husk at der den nye fergekaia no vert plassert vil den ligge i mange generasjonar framover. Er det ikkje då verdt det å ta ein grundig diskusjon kring dette temaet og la alle argumenta kome på bordet?

 


med helsing,
Ole Martin Myklebust