Åmskaret er ein lett tur og er ein i tillegg tidleg ute om morgonen kan ein kome før trakkemaskina slik at ein får 5 6 cm nysnø slik Helga og eg opplevde det for ca. 14 dagar sidan. I tillegg fekk vi med oss soloppgangen over Bjørdalsfjella.

Åmskaret jan 2009 (9)

Soloppgang over Bjørdalsfjella sett frå retning Åmskaret.

Åmskaret jan 2009 (11)

Frå venstre ser vi Saudehornet, Sandhornet ,og snart kjem Vassdalstinden også ut av morgonskodda.

Turen går ofte til setra vår i Rognestøyldalen. Ikkje særleg til skiterreng når elva mot Rekedalsida er isfri. Men vi nyt likevel å gå langs elva eller innover myrane på godt føre. Om isen er trygg kjem ein seg også opp på Bondalsbakken uten for store anstrengelsar. Spor etter rev, hare, mår og oter ser ein ofte langs elva. Og ein liten flokk med liryper ser vi rett ofte om ein går på rette stadane.

Setra jan 09 (6)

Sjølvsagt overnattar vi på setra slike fine dagar. Slik ser det ut når ein kjem frå dass ein tidleg søndagsmorgon.

Setra jan 09 (3)

Marit og Oddvar tek også gjerne ei helg på setra. Her på veg heim til torskefiske eller legeskyss på Hjørundfjorden.

Setra jan 09 (10)

Isen på Storevatnet er trygg nok til at eg fekk Helga på trua til ein tur inn mot Bondalsbakken. Langs vatnet er det håplaust å gå ,då alle småelvar har reist med snøen.

Skondalsfonna jan. 2009 003

Dette er utsikt frå Skondalsfonna i dag kl. 16. Snøen er knallhard og vanskeleg å få fotfeste i. Det er betre når ein kjem inn i skogen.

Skondalsfonna jan. 2009 009

Dagslyset slepp snart til ein liten månesigd. Og det går fort mot lysare tider.

Men ein skal passe seg for å tru at vinteren er over. I 1968 var det ikkje stort meir snø til same tid. Men etter 14 dagar var det over 2 meter. Og ein veit korleis det enda....

DSC00020

Den 8. februar kjem sola til Risestøylen. Dette biletet er frå 9. februar 2007.

Vi er heldige som har ein slik stad å gå til, og vi gjer det ofte!