Etter nok ei helg med mykje handball kan J16 glede seg over at dei stadig ligg på topp på tabellen!

I dag, søndag, var det Bergsøy som fekk besøk av desse flinke jentene.

Bergsøy- Åmdal/Sæbø:

mot Bergsøy 8

Litt for store hol i forsvaret...

Bersøy hadde forberedt seg godt til besøket og det var ein jamn kamp i første del av første omgang. Åmdal/Sæbø hadde litt problem med å tette forsvaret og tillot litt for mange gjennomløp av Bergsøy.

mot Bergsøy 3

Trenar Heidi fann det best å ta ein time-out og gi instruksar!

 

mot Bergsøy 1

No kjem det seg, Else Marie har fått ei oppgåve og det er å passe nr. 12..

F.v. Malene, Kathrine, Tiril, Else Marie og Kristina.

 

mot Bergsøy 2

Jobben er gjordt, det vart ikkje mål denne gang!

Etterkvart fann dei forma og samspelte godt noko som gav leiing 14-10 til pause.

mot Bergsøy 6

Malene i full fart mot mål, ho held fast på ballen så nåde den som prøvar ta den!

Hanne

Hanne har funne "sin" spelar..

mot Bergsøy 7

For å få ein god handballkamp er det viktig å skore. Else Marie bryt gjennom Bergsøy sitt forsvar.

Jentene rykte frå og hadde kontroll på heile andre omgang. Sjølv om Bersøy halte litt innpå på slutten, kunne jentene seie seg førnøgde med siger 25- 20.

Desse var med på kampen i dag:
Nina Hustad (2 mål), Tiril Holen (4), Hanne Stokke (2), Else Marie Stokke (7), Malene Aambakk (9), Kathrine Brekke (1), Kristina Y. Hovdenakk, Karen Ose Lid og Monica Krøvel.

J18 Stranda- Sæbø/Åmdal:

Laurdag var det tur til Stranda for 18-års/damelaget.
Første omgang var jamn med eit lite overtak til oss. Jentene kjempa godt og leia 18- 16 til pausa.

Også i denne kampen lak forsvaret i byrjinga men etterkvart kom jentene på glid og spelte til tider veldig god handball.

mot Stranda 2

Sterke Strandadamer spelte rått og gav spesielt Malene hard medfart.

mot Stranda 6

Sara har nr. 9 og kjempa godt i frosvar!

mot Stranda 1

Time-Out og gode råd frå trenarane!

mot Stranda 3

Forsvar: Malene, Karoline, Liv Grete og Anette.

Andre omgang fortsette med overtak til Sæbø/Åmdal og jentene leia med 5 mål før dei fekk nokre merkelege utvisningar. Jentene vart tydeleg stressa og hadde nokre rare pasningar heilt på slutten og Stranda kunne juble over siger 35- 32.

Jentene har møtt Stranda på heimebane og slått dei klart i haust. No var laget forsterka av nokre "damer" som viste at dei hadde tyngde. Dei spelte til tider rått og gav våre yngste spelarar hard medfart. Men slik er vel dameserien...

Uansett var det ein flott kamp av jentene som spelte godt bortsett frå dei siste 10 minutta!

mot Stranda 7

Sara, Liv Grete, Anette og Torill.

Ferge

På heimveg. Ikkje alle får servering på ferga!

Else Marie, Stine, Liv Grete, Anette, Torill og Monica. Ann-Elin og Heidi bak.

Desse var med laurdag:
Sara Årseth (1 mål), Tiril Holen (1), Elisabeth Melle, Torill Haugen Øye (2), Kathrine Brekke (1), Karoline Stokke (1), Liv Grete Stokke (6), Else Marie Stokke (12), Rebekka Stokke, Monica Krøvel, Malene Aambakk (7), Anette Mork (1).