Åmdal/Sæbø -Ørsta/Volda 3:

Første kampen var J16 Åmdal/Sæbø mot Ørsta/Volda 3 (dvs. Ørsta). Jentene har hatt ein tendens til å undervurdere seg sjølve og hatt altfor stor respekt for "storesøster" i desse kampane og vi var spent...

 

mot Ørsta 2

F.v Malene Aambakk, Sigrid Amalie Romestrand, Aina Opsal Bakke, Elisa Hjelle Eltvik, Tiril Maria Holen, Marthe Takseth, Else Marie Stokke, Rebekka Stokke og Ingeborg Aam.

Kampen starta med 4-0 ledelse til oss før Ørsta halte innpå. Åmdal/Sæbø var i føringa heile veien og til pausa var resultatet 15-12.

mot Ørsta 3

Time-out og gode råd frå trenarane.

 

mot Ørsta 6

Tiril er vaken og slår ballen inn til Rebekka.

Men så vakna jentene! Mykje flott samspel med fine avslutningar gjorde at Ørsta vart "lillesøster"... Spesielt Malene var sprudlande. Lurer på kva mor Heidi har servert til middag? Kanskje ho kan gi Sæbø-elevane oppskrifta i heimekunnskap?
Etter ein kjempeomgang kunne jentene juble over siger 37-23!

Dermed leiar jentene tabellen med bedre målforskjell enn Aksla på same poengsum!

publikum

Mange var i Ørstahallen og såg kampen.

J16 3

J16 Åmdal/Sæbø:
Bak f.v. Aina Opsal Bakke, Karen Ose Lid (2 mål), Nina Hustad, Else Marie Stokke (6)og Tiril Holen (4).
I midten f.v. Kristina Y. Hovdenakk, Karhrine Brekke (5), Malene Aambakk (19) og rebekka Stokke.
Framme f.v. Monica Krøvel og Ingeborg Aam. Hanne Stokke (1) er også med.

Sæbø/Åmdal - Blindheim:

Neste kamp var J18. Sidan 5 av jentene var med på begge kampane måtte det vere ein times pause før neste kamp.
Blindheim var første laget vi møtte i sesongen og jentene spelte då uavgjordt.

mot Blindheim 5

F.v. Malene, Sara, Tiril, Else Marie og Elisabeth

 mot Blindheim 4

Time-out og gode råd frå dyktige trenarar!

Jentene gjekk rett i leiinga med 4 mål før Blindheim kom til seg sjølv og halte innpå. Også denne kampen gikk i bølger der vi i heile første omgong hadde føringa. Pauseresultatet var 15 -13 etter ein spennande omgong!

mot Blindheim 6

Sara, Liv Grete, Tiril og Else Marie som "blokkar" Ingrid Aam (tidlegare Åmdal), Rebekka er som vi ser klar til redning, og Elisabeth.

mot Blindheim 7

Malene, Sara, Liv Grete, Anette, Rebekka og Torill i forsvar.

Andre omgong fortsette som den første bortsett fra på slutten då Blindheim hala innpå og endatil tok leiinga. Etter at jentene fekk summe seg litt  tok dei att leiinga og vann fortjent 32 -28 etter kjempeinnsats av heile laget!

mot Ørsta 5

Malene som er i kjempeform, sørga for tilsaman 36 mål!

Jentene leiar no serien med Godøy like bak.

Flott dømming av dommarane Alf Furland og Antoni Vike Danielsen!
God og rettferdig dømming er kjempeviktig!!!

 

J18 22

Bak f.v. Else Marie Stokke (6 mål), Rebekka Stokke, Malene Aambakk (17), Elisabeth Melle (1), Tiril Holen, Sara Årseth, Karoline Stokke (var ikkje med i dag), Amalie Lied.
Framme f.v. Elisabeth Brekke, Liv Grete Stokke (3), Anette Mork (2), Kimberly Colclough, Torill Haugen Øye (2) og Sunniva Aarseth (1). Kathrine brekke var også med på denne kampen.